Maritim Sommarfestival - 40 påmelde til barnegospeltreff!

Av: Administrator
06/06-2009

- Meld deg på til barnegospeltreff idag og husk SEVEN-konsert og storfamiliegudsteneste.


Det nærmar seg tida for Maritim Sommarfestival. I år blir det også mykje spennande for born når vi får besøk av jentegruppa SEVEN frå austlandsområdet. SEVEN -jentene har gjort seg bemerka både som gruppe og som solistar i ulike samanhengar. SEVEN-jentene har fleire CD utgjevingar bak seg, og deira nyaste CD "Bare herlig" skåra høgt på terningkast. Songane deira vert brukt av ei rekkje barnekor og er godt høyrde songar i heimen.

Barnegospeltreff og konsert med SEVEN - jentene!
Laurdag under Maritim Sommarfestival vert det barnegospeltreff i Frikyrkja. Nærmare 40 er allereie påmelde, men det er framleis godt med plassar. Det er SEVEN-jentene og Melinda Løver som er musikalsk leiar i SEVEN som vil øve inn nokre songar. Alle som deltek på Barnegospeltreffet får eigne Barnegospeltreff t-skjorter og vert med under konserten med SEVEN same dag og under Storfamiliegudstenesten søndag. Har du enno ikkje meldt deg på bør du gjere det snarast til Herøy Frikyrkje.

SEVEN-jentene feirar i år sitt 5 års jubileum. Dei har reist rundt i Noreg i over 2 år - med song, dans og interaktive konsertar. I haust reiste SEVEN-jentene på konsertturne med sitt 4.album med tittelen "Bare herlig". Albumet dekker eit utval nyskrevne låtar - der jentene har vore med på å bestemme kva det skal syngast om. Her handlar det om livet med Gud og livet med kvarandre. Jentene syng om vennskap, forelskelse, gleder og sorgar. Dei syng og lovsongar og gjenfortel historier frå Bibelen i musikalsk form.

SEVEN har dei siste åra solgt nærare 25000 album, dei har vore på norsktoppen og held omlag 50 konsertar i året - og dei 7 jentene på 9 - 12 år kan forsikre at dei elskar å reise rundt på lange turar og dei synes det er topp å stå på ei scene!


SEVEN

Storfamiliegudsteneste!
Under Maritim Sommarfestival går Herøy Frikyrkje og Den norske Kyrkje i Herøy saman om å skipe ei storfamiliegudsteneste. Pastor Erhard Hermansen og sokneprest Knut Magne Dalsbø deltek i gudstenesta, men også her vert SEVEN-jentene og det store barnekoret som laurdag har delteke på Barnegospeltreffet med. Under storfamiliegudstenesta vert det eige husorkester.


Pastor Erhard Hermansen og sokneprest Knut Magne Dalsbø.

Maritim Sommarfestival byd i år på opplevingar for alle, og vi vonar at mange melder seg på barnegospeltreffet med SEVEN-jentene og vert med på konsert og storfamiliegudsteneste.