Pastoren helsar...

Av: Erhard Hermansen
25/03-2003

"For eg veit kva tankar eg har med dykk seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von" Jer. 29.11

Som pastor i Herøy Frikyrkje er det ein stor glede å ønskje deg velkomen på heilt nye heimeside, men mest til besøk i kyrkjelyden. Herøy Frikyrkje er ein stor, aktiv og velorganisert kyrkjelyd med nærare 450 medlemmar. Ein kyrkjelyd av ganske alminnelege mennesker som gleder seg over, og til tider strevar med livet ­ akkurat som deg. Det som bind oss saman i all vår forskjelligheit er trua på Gud. Den er vorte ein viktig ressurs i kvardagslivet vårt. Vi samlast til gudstenester og møter, i cellegrupper og i arbeid tilpassa dei ulike aldersgruppene for å hente styrke og hjelp til livet i familien, på skule- og arbeidsplassen og i samfunnet ellers.


Vi har erfart korleis fellesskapet hjelper oss, og møtt mennesker som er der for oss, i gleder og sorger, i medgang og motgang. I fellesskapet møter vi Jesus Kristus. Han kom for å gje menneska fred, og for å vise mennesker at håpet sin veg går gjennom han som er kjærleik, og ved trua på Han som verdas Frelsar. Jesus kom for å gje menneska håp. Situasjonen vår er svært lik situasjonen den dagen Jesus kom inn i synagoga i Nasareth, der han tek ut bokrullen og les desse orda frå Jesaja "Herrens Ande er over meg, for han har salva meg til å forkynna eit gledebodskap for fattige. Han har sendt meg for å ropa ut at fangar skal få fridom, og at blinde skal få sjå, for å løyse dei trælka or tvang og ropa ut eit nådeår frå Herren". (Lukas 4.18-19). Vi ønskjer å vise deg vegen til Jesus Kristus, slik vi sjølv har funne den. Vi ønskjer å gje deg som kjenner deg tom, ensom og lengtende et møte ham ham som er Livet! I møte med Jesus Kristus er det håp og framtid. Vi ønskjer å gje deg eit fellesskap der du trives og får vener, der du modnast og veks.

Velkomen til Herøy Frikyrkje!
Pastor Erhard Hermansen