NATUREN SYNG

Av: Administrator
06/01-2018

Konserten «Naturen syng» er vakre og spennande salmar/songar og naturbilete, med musikar Håvard Sveås og fotograf Øyvind Kåre Sunde. Musikken, songtekstane og bileta forsterkar kvarandre, grip tak i oss og tek oss med på ei reise inn i historiene til songane.


Håvard Sveås er kantor i Sula, og frilansar som både musikar, arrangør og komponist. Han er utdanna i kyrkjemusikk ved konservatoriet i Trondheim, med fordjupning i improvisasjon hos mellom anna Iver Kleive og Henning Sommerro. Han har mellom anna skrive/arrangert musikk for/framført av Operaen i Kristiansund, Bukkene Bruse, Jan Eggum, Jan Werner Danielsen, Heine Totland, Cantus, Ålesund symfoniorkester og ei lang rekke lokale kor og ensembler.


Øyvind Kåre Sunde dreiv tidlegare Bilhuset på Sula, og har i alle år vore ein entusiastisk fjell- og friluftsmann. Dei seinare åra har interessa for fotografi resultert i at ei lang rekke fjelltoppar, fjordar, vatn, elvar og dalar har blitt foreviga natt og dag, sommar som vinter. Med Øyvind sitt blikk for naturen sin eigen dramaturgi med lys, fargar og motiv er bileta hans allereie avbilda i ei rekke kalendarar og magasin både i Noreg og i utlandet, og har vore brukt av mange bedrifter i Møre og Romsdal.


«Etter å ha blitt heilt fengsla av eit av Øyvind sine bilete av eit Romsdals-elvestryk i nordlys byrja eg å tenke på at mange salmar og songar inneheld eit vell av naturbilete i tekstane», seier Sveås. «Kva om vi kunne kombinere desse med bileta til Øyvind?» Slik vart tanken om «Naturen syng» til, og då Sveås fortalde Sunde om idéen byrja snøballen å rulle.

Første konsert var i Langevåg kyrkje i starten av oktober, og vart ein kjempesuksess. 300 menneske fekk sjå og høyre kjende og kjære salmar, samt nokre av Sveås sine eigne komposisjonar. Tilbakemeldingane frå både publikum og presse var særs gode.

«Langevåg kyrkje er litt av eit syn denne kvelden. Så full av folk at veggane snart bular utover, samtidig har romfølelsen aldri vore større. Det har blitt funne plass til både høge fjell og dupe dalar, her er fossefall og furuskog, perlene trillar heile vegen frå Sula til Bjorli. Øyvind Kåre Sunde sine vakre bilde og Håvard Sveås sin flotte salmesong går hand i hand – og tek med seg 300 til i følgjet.»

«Knirkefritt. Alle dei fine motiva, alle dei fine stadane, som vekkjer turlyst både i natur og salmebok. Slik som fjellrekkene i vår spektakulære natur, var også dei musikalske høgdepunkta mange»

«Etterpå er ikkje tilbakemeldinga frå publikum til å ta feil av. Dette må friskusane gjere igjen!»
(SULAPOSTEN)

Både Sveås og Sunde opplever at kombinasjonen av songar og bilete opnar nye dimensjonar i opplevinga av salmetekstane. Nye detaljar i både bilete og tekstar dukkar opp når fleire sanseinntrykk får spele på lag. No håpar dei mange vil ta turen og oppleve det same når dei held konsert i Herøy Frikyrkje søndag 14. januar.