Julestemning med Garness 
Onsdag 6. desember kl 19:30 Herøy frikyrkje

Av: Administrator
28/11-2017

Jul og musikk høyrer saman, og for mange har ein julekonsert med søsterduoen Garness vorte ein kjær tradisjon. Derfor er det mange som verte glade for å høyre at jentene i år reiser ut på ein omfattande turné i Sør-Norge i desember. 6. desember kjem Garness til Herøy Frikyrkje for å halde julekonsert saman med bandet sitt.


Tvillingduoen Garness skapar julestemning og musikalsk glede. Foto: Johannes Andersen

Søstrene Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad imponerte mange da de kvelden før kvelden framførte både gamle kjære og nyskrivne julesongar leikent og med stort engasjement i beste sendetid på NRK 1 for nokre år sidan. 

I vår gav duoen ut eit etterlengta album i kryssingspunktet mellom pop, folk og americana; Canyons and Mountaintops, og deira positive og iøyrefallande låt Mountaintop har rullert jamleg på NRK P1 i heile 12 veker.

No gler tvillingane seg til å synge julesongar igjen, og i år skal de på juleturné i heile Sør-Norge. 

- Vi gler oss veldig til å reise rundt saman med det fantastiske bandet vårt, vi er som ein stor familie! Dessutan er det fint å få anledning til å dykke djupt i juletematikken og framføre songar både vi og publikum har eit hjarteleg forhald til, ikkje bare ein gong, men kveld etter kveld i fleire veker. For oss er det eit privilegium og eit høgdepunkt i året.


Garness med band på juleturné. Foto: Garness

Stor, oppofrande kjærleik

Jula betyr mykje meir enn berre pakkar og julemat for jentene frå Frekhaug, og dei er opptatt av å formidle eit viktig bodskap. 

- Når vi er så mykje på farten i desember, er det deileg når julefreda senker seg og vi kan slappe av saman med våre kjære heime. Samstundes veit vi at jula kan vere veldig sår for mange i samfunnet vårt fordi det som er tøft og vanskeleg trer tydelegare fram når "alle" skal ha det så hyggeleg, og vi ynskjer også å få med noko av dette perspektivet i konserten. Jula handlar ikkje først og fremst om kos og lykke, men om ein stor, oppofrande kjærleik som famnar sjølv i det djupaste mørket. 

Kritikarrost

Deira kritikarroste juleplate Barnet i krybben vart av Dagbladet omtalt som årets beste norske juleplate da den kom ut i 2009, og har sidan bvorte ein julefavoritt for mange. Blant anna har Bjørn Eidsvåg oppgitt denne plata på sin "det blir ikkje jul utan" - liste.


Garness kjem snart til Herøy med julekonserten «Barnet i Krybben». Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen

- Kva for ein juleplate må dykk ha på for at det skal bli jul?

- Vi har eit spesielt forhold til Hans Fredrik Jacobsens juleplate frå 1999, Jol, som er ei norsk folkemusikk-inspirert juleplate med mange artige lydar og fløytetonar. Den måtte alltid stå på under julemiddagen heime for å få den rette stemninga. Her finst mange av folketonane vi også har spelt inn, som Kling no klokka, Det hev ei rose sprunge og Mitt hjerte alltid vanker. Elles må også Frank Sinatra få sin speletid hos oss på julaftan - maken til songar og formidlar! To favorittar som også må nemnes er It's snowing on my piano av Bugge Wesseltoft og Sufjan Stevens fascinerande indie-univers i hans fyldige julesamling, Songs for Christmas, med hele 42 songar.

- Har dykk ein spesiell favoritt-julesong?

- Vi er veldig glad i alle songane vi har med i konserten! Men om vi må trekke fram ein, så har vi dei siste åra fått opp auga for Her kommer dine arme små, som både har ein nydeleg melodi og ein utrolig flott og frodig tekst. Den kling så godt i munnen og samstundes har den eit sterkt bodskap om Jesus som kom til jord og at menneska også må ta stilling til han og sleppe han inn i hjarta sine. Måten å ordlegge seg på er ganske annleis enn vi ville gjort i dag, men poesien i songen følast likevel tidlaus.

Ingelin og Hildegunn skreiv sine fyrste songar som 5-åringar, og har stått på scena like lenge. Dei har opptredd i TV-programmar som Absolutt norsk, Beat for Beat, Kjempesjansen og Kronprinsparets julekonsert. Dei er også kjend frå samarbeid med Marit Larsen, Odd Nordstoga, Sigvart Dagsland, Elvira Nikolaisen og Oslo Gospel Choir, i konsertsamanheng, på innspelingar og på TV-skjermen. Duoen har elles også gitt ut albumet The Good or Better Side of Things

Saman med bandet sitt har jentene eit spanande, rikt og stemningsfullt lydbilete. Sjølv spelar dei gitarar, mandolin, klokkespill, autoharpe og perkusjon. I bandet har dei med seg Torjus Vierli på tangentar og vokal, Thomas Gallatin på trommer og vokal, og Tor Egil Kreken på bass, gitar og vokal.