«Live at the Fjords» i Fosnavåg konserthus
Spelar for fattige barn i India

Av: Administrator
16/06-2017

Laurdag 24.juni kl. 18:00 inviterer Rory Kaye og organisasjonen IAM til veldedighetskonsert i Fosnavåg Konserthus. Målet med konserten er å samle inn midlar til gatebarn i Sentral-India.


Rory Kaye

Rory Kaye har fått med seg Anders Mossberg og lokale musikarar med Geir Idar Knotten i spissen. Under konserten vil det bli gjort ei live cd-innspeling der overskotet av cd-salet skal gå til gatebarn i India. Tittelen på cd-en vert «Live at the fjords».

Rory Kaye er eit kjent namn for mange i inn- og utland. I 1988 grunnla han organisasjonen IAM i Sverige. Organisasjonen har fleire hundre medarbeidarar i tjue land som arbeidar for å nå folk med evangeliet. Rory er messiansk jøde, og han vaks opp i USA. Han reiser mykje og formidlar Guds Ord og kjærleik gjennom tv, internett, radio, bøker, kunst og musikk. Han har eit stort hjarte for menneske i naud, og for menneske som ikkje har fått høyre evangeliet.

Anders Mossberg er kjend for mange musikkglade gjennom bandet Jerusalem. Han har også samarbeida med artistar i inn- og utland, mellom anna Carola Heggkvist, Oslo Gospelkor og Andrea Crouch. Han arbeider i dag som musikkprodusent, arrangør og frilansmusikar. Anders vil vere med å spele bass denne kvelden.

Repertoaret for konserten er variert og vi får mellom anna høyre gospelsongar, kjende Elvis songar og songar frå Israel på hebraisk. Kaye vil også halde korte appellar innimellom songane.


Om Prosjektet

Målsetjinga med konserten er å redde meir enn 5000 gatebarn frå slummen i Sentral-India. IAM samarbeider med organisasjonen «Gospel for tribal social service and society» (G.T.S.S.S.). Prosjektet for å redde menneske er vel etablert. Barna på gata er i stor naud og livsfare. Dei er fattige og kan bli jaga, rana og mishandla. Dei kan også bli kidnappa inn i barneprostitusjon eller organdonasjon. «Organ harvesting» skjer ved kidnapping av barn, og ufrivillig fjerning av organ for sal på det svarte marknaden. Dei gode nyheitene er at vi kan nå desse barna før dei kjem i fare. Vi kan saman gje dei ein heim. Vi kan bidra til at dei får den familien dei aldri fekk, der dei kan bli møtt av kjærleik og omsorg, heile vegen til dei er ferdig med gymnaset, gjennom organisasjonen G.T.S.S.S. Organisasjonen opplever i dag at barn som allereie er redda, er sunne, takksame og strålar av kjærleik. Om vi står saman så kan vi redde mange.
Dersom nokon ønsker å vere fadder for eit barn, så er det mulig. Fadrane vil få tilsendt bilde og informasjon frå India, og oppdatering om korleis deira fadderbarn har det. Vi håpar at mange vil vere med å gje ei hjelpande hand.
Kjekt om DU set av denne kvelden, der du vil få gode musikalske opplevingar og samtidig støtter ein god sak! Det kostar 100,- kr for konsertbillett og det er førehandssal gjennom Fosnavåg Konserthus. I tillegg vert det mogleg å gje ei gåve til prosjektet under konserten.


Tekst frå Vestlandsnytt 16.06.17.