Johnny Cash – Gospel Night

Av: Administrator
09/06-2017

Sindre Løvik har åleine og saman med JC-Band sunge Johnny Cash sine songar i mange år, og han har hatt såkalla ”Johnny Cash-messer” i fleire kyrkjer på Søre Sunnmøre.


Denne kvelden har han med seg desse musikarane og songarane:
Ida Teige (piano), Magne Aksnes (bass), Ove Aksnes (gitar), Sissel Anita Rise (song) Trude Børjeson Sørdal (song) og Jostein ”Chet Atkins” Nærø (gitar) .
Det kan i tillegg dukke opp gjesteartistar.
Dette må du få med deg, men det vil koste deg kr 200 cash.
Vel møtt i Herøy Frikyrkje laurdag 17. juni klokka 21.00.
Arrangør: Norges Samemisjon.