GOSPELKVELD I HERØY FRIKYRKJE

Av: Administrator
19/04-2017

Song har gjennom alle tider hjelpt menneske til å sette ord på kjensler. Enten vi er glade eller lei oss , så gir det styrke å synge.
Få har klart det betre enn slavane i Amerika som song når dei jobba på bomullsmarkane. Der håpet og trua på at Gud ikkje vil la ein slave vere åleine, var det grunnleggande. Dei sette sin lit til Gud både i liv og død.


Elise Nærø, Trond Ihle og Even Sævik

Søndag 23.april kl.19.00 vert det gospelkveld i Herøy Frikyrkje.
Der ein både skal få høyre og synge nye og gamle gospelsongar.

Elise Nærø, Trond Ihle og Even Sævik vil formidle den gode bodskapen i ord og tonar.

Det vert også eige band og forsongarar.

Karianne Stenersløkken Kvalsvik vil fortelje om misjonsprosjekt som Herøy Frikyrkja støttar i Japan.

Det vil bli teke opp kollekt til dette prosjektet i Japan.