Gospelglede og blå kyrkjeblues

Av: Administrator
29/03-2017

Gospel skaper glede og også slik i Herøy frikyrkje då Herøy gospelkor song med Angela Primm og Elsa Harris.


- For ein energi! Styreleiar i Herøy gospelkor, Tobias Torvholm Sævik og styremedlem i koret, Emma Nærø Pettersen, er begge imponerte over artistane dei har fått sunge i lag med.
- Dei fortalde oss at her kom to personar, jaja, koseleg det, tenkte vi, men så vart det berre heilt sjukt, smiler dei breitt.

Herøy gospelkor fekk vere med på å gi publikum ei reise i svart gospel. Det var frå tidlege negro spirituals som «Joshua fought the battle of Jericho» og «Let my people go» via Mahalia Jackson til Andrea Crouch. Og heile tida med eit stort hjarte og eit stort smil.

- La oss øve på gospel, gløyme at de er norske, reserverte og høflege, oppmoda Angela Primm og fekk folk med seg både i synging og klapping.

For dei vaksne i publikum var dette kjende rytmar og melodiar medan mykje var nytt for ungdomane i gospelkoret.

- Det er nok ikkje slik musikk vi høyrer på til vanleg, men det er veldig, veldig gøy å synge.

Og det kunne publikum høyre. Gospelkoret strålte også av energi under konserten.

- Og når vi har øvd, har dei lært oss mykje om formidling, tenke på teksta og tru på det vi syng om.


For ein energi! Styreleiar i Herøy gospelkor, Tobias Torvholm Sævik og styremedlem i koret, Emma Nærø Pettersen.

«Blessed»

Angela Primm kjem frå Nashville i Tennesee og turnerer verda over med gospelsongen sin. Ho har i mange år sunge med Bill Gaither og har ei formidlingsevne og sjarm som saman med gospelen går i hjartet til folk.

Fleire av publikum på konserten i Herøy frikyrkje hadde sjølve sunge med Elsa Harris som pianist. Ho var fast pianist for Jessy Dixon då han turnerte i Norge, og gjennomførte meir enn 500 konsertar her i landet – mellom dei fleire i lag med Ytre Herøy Ungdomskor. Eit flygel er alt som skal til for å få det til å swinge når ein heiter Elsa Harris. Mellom anna versjonen ho og Angela Primm hadde av «Blessed Assurance» (Salige visshet) vil bli huska som eit «blessed moment».