Svingande Black Gospel med Angela Primm, Elsa Harris og Herøy Gospelkor
- Torsdag 23. mars klokka 19:00

Av: Administrator
08/03-2017

Angela Primm og Elsa Harris har takka ja til å kome og lære norske kor å synge drivande, god gospel. I 10 dagar skal dei ha seminara og konsertar saman med lokale kor forskjellege plassar i Norge, og torsdag 23. mars kjem dei til Herøy. Elsa og Angela har begge røter i den tradisjonelle, svarte gospelmusikken som nordmenn elskar.


Angela Primm

Angela Primm er ein dyktig gospelsanger, busett i Nashville, Tennessee. Ho er ei engasjert dame som leiar songen i si lokale kyrkje samstundes som ho jobbar som cruiseorganisator og eventarrangør.  Men det er å synge gospel som ligg hennar hjarte nærast. Tidlegare i karrieren turnerte ho mykje saman med Bobby Jones og New Life. No har ho i mange år vore sentral saman med Bill Gaither og hans Homecoming friends. Hausten 2013 og 2015 deltok ho på Skjærgårdssang i Langesund, og tok publikum med storm. Hennar engasjerte og vinnande vesen saman med tradisjonell gospel fekk føtene til å svinge.

Elsa Harris er eit kjent ansikt for dei fleste som syng i gospelkor. Frå 1978 og fram til 2008 var ho Jessy Dixons faste pianist når han var i Norge. Dei gjennomførte meir enn 500 konsertar her i landet saman med norske kor. Elsa Harris er pianolærar i det daglige, og musikalsk ansvarlig i si lokale kyrkje i Chicago. Ho er ein svært dyktig gospelpianist, og du føler at tangentane verkeleg får køyrt seg når Elsa trakterer pianoet.


Elsa Harris

Herøy Gospelkor er et kjent og kjært lokalt gospelkor som ser fram til å få besøk av desse dyktige gospeldamene og få synge i lag med dei på ein Gospelkonsert i Herøy Frikyrkje. Kom å opplev ekte gospelglede!


Herøy Gospelkor