Trygve Skaug i Herøy Frikyrkje
«Årets beste julekonsert er ribba for glitter og julenissar»

Av: Administrator
06/12-2016

Førstkomande laurdag står songaren Trygve Skaug på scena I Herøy Frikyrkje. Songane hans har dei siste åra lege meir enn 100 veker på A-lista til NRK P1. På denne turneen famnar han alt frå kjende julesalmar til nyare julemusikk. Alt tolka på Skaug si eigen måte. Albumet Seine Natt Desember vart eit av fjoråret sitt mest streama julealbum.


Trygve Skaug

For femte år på rad legg Trygve Skaug ut på juleturné i samarbeid med Star of Hope. Med seg i bagasjen har han eit brennande engasjement for dei som er vanskelegare stilt enn han sjølv, ein rykande fersk plate og ein julekonsert som har enda opp med å bli alt han har inni seg akkurat no. Songen «Her kommer dine arme små» er eit godt døme på dette. Songen har fått ei ny meining og fleire nye vers skrivne av Skaug sjølv etter at han var på ein reise i slummen i Manila.

– Eg følte at eg visste kven dei arme små var, at det var dei gutane eg spelte basketball med i slummen i Manila, fortel han. – At det var ho mora på 17 år og hennes 1 år gamle born som budde på ei søppeldynge. Eg følte veldig sterkt at den teksten måtte skrivas om, noko eg tok meg fridom til å gjere. Eg har fått god respons på denne.

Trygve Skaug er kjend som soloartist og som vokalist og låtskrivar i StMorritz. På denne turneen famnar han alt frå kjende julesalmar til nyare julemusikk. Alt tolka på Skaug si eigen måte.

– Eg fekk ei overrasking idet eg satt og leika med eit mollbluesarrangement og plutselig hamna over i «Deilig er jorden», fortel Trygve. Alle arrangement, tekster og nye melodiar sprang ut frå denne augeblinken, og har blitt jobba fram over fleire år. – Eg kjende at jula for min eigen del hadde drukna i alt mulig anna som ikkje handlar om jul, og eg begynte arbeidet med å grave meg tilbake til jula sitt innhald på nytt.

Konserten er i samarbeid med organisasjonen Star of Hope som gjennom lokale arbeidarar gjev meir enn 30 000 born skulegong kvar dag. Trygve har i fleire år engasjert seg i arbeidet.

– Jul handlar om Guds gåve til menneska, seier han. Himmelen gjeve til jorda. Men den handlar også om at eg må forstå kva det bør få bety i min kvardag. Eg kan opne opp for å la meg inspirere av Guds kjærleik, og gje noko vidare til folk som treng det. Eg som nordmann har masse pengar som andre kunne hatt meir glede av enn meg. 

Konsertane er utan glitter og julenissar, ganske enkelt med Trygve Skaug på ein gitar.

– Det er ei utfriing i det å kle av musikken, lag for lag, til du står igjen med ein flott gamal julesong og ein einsam gitar å framføre den på.

Billetter vert selde ved inngongen