NO KJEM JULA HIT.

Av: Administrator
03/12-2016

Tolvtetten byd inn til Julekonsert i Herøy Frikirke 9 desember.
Aadne Sandanger, leiar i Tolvtetten, seier at dette ligg an til å verte ein kjempekonsert, der Tolvtetten har fått med seg Jon Lotterud, Ingvild og Trond Nagell-Dahl samt «vår eigen» Vegard Kvamme Holum.


Trond Nagell-Dahl, Jon Lotterud og Ingvild Nagell-Dahl.

Tolvtetten har tidlegare i år hatt samarbeid med Jon Lotterud og dette gav slik meirsmak at vi ynskte å ta dette eit hakk vidare, seier Sandanger, som er kjempe happy med å få hit so store navn innan musikken.

For Lotterud og Nagell-Dahls er dette femtande gongen dei har julekonsert på rad.
Konserten skal vere ein lavterskelkonsert med lun stemning og gode låtar.
Ein fin konsert no litt inn i advents- og juletida.

Tolvtetten, under musikalsk leiing av Unni Kvamme, vil forutan eiga avdeling også vere med og kore og synge ilag med Ingvild Nagell-Dahl på ein del av songane.

Jon Lotterud er pianist og songar med lang fartstid i mange musikalske samanhengar. Han har gitt ut 4 plater, 2 plater med Jon Lotterud Band og 2 plater med ei grupppe som heiter Trollsti. Han har turnert både i Norge, Sverige, Danmark og Ferøyane. Han har også turneer bak seg i rikskonsertenes regi.
Jon har også 2 år vore kapellmester i suksess forestillinga «tango for to» på turne i heile Norge.

Ingvild Nagell-Dahl er mjøsdistriktets store stemme. Ho er fast inventar i fleire TV-program som f.eks Beat for Beat og Skal vi danse. Ho har vore med på ein rekke musikalske show som «A soulful christmas» og sommerslagere på Gjøvik. Ingvild turnerar også for rikskonsertane med soulmusikk. Ho er bevandra i dei fleste musikalske stilartane og framfører stoffet sitt med trøkk og innlevelse.

Trond Nagell-Dahl er vel kanskje mest kjent for hårmanken sin og pianospeling i programmet Beat for Beat, der han har vore med i 17 år. Dette er ein velkjent musikar som vi er stolte av og få med oss på denne konserten, seier Sandanger, som seier at mange i Tolvtetten gled seg til etter konserten da dei kan skryte av å seie dei har hatt julekonsert akkonpagnert av sjølvaste Trond Nagell-Dahl.
Trond har også vore pianist og organist med Hellbillies, keyboardist i TOBB og primus motor for suksessen «Sommarslagere» og mykje meir.

Vegard Kvamme Holum er ein 31 år gammal multiinstrumentalist, komponist/arrangør og pedagog frå Fosnavåg med base i Oslo.
Jobbar aktivt innan eit mangfald sjangrar og turnerer inn- og utland i ein rekke prosjekter. 
I tillegg til å være bandledar og komponist for sine egne prosjekter jobbar han også som arrangør, studiomusikar, instruktør/dirigent og innan TV/radio. Har mellom anna jobba med Morten Abel, OnklP og KORK og figurert på God Morgen Norge, Grand Prix og Idol m.m.
Har sin bachelor frå Universitetet i Agder og fullførte sin mastergrad på Norges Musikkhøgskule våren 2016.
Vann i 2003 “Ungdommens Kulturpris” i Herøy Kommune og i 2015 Sparebanken Møres Gniststipend i klassen kultur.

Tolvtetten er stolte og glade for å kunne tilby folk i vårt distrikt ein so fin Julekonsert og håpar folk vil kome og høyre.
For dette ligg an til å verte ein julekonsert det er verdt å få med seg, seier Sandanger, og som dokke ser av stykket vert det julesongar også sunge på skikkeleg Hedemark/Gjøvik/Toten dialekt, og det er jo i alle fall noko eg assosierar med jula avsluttar Sandanger og ynskjer alle hjarteleg velkomne til Julekonserten i Herøy Frikirke 9 desember kl.20.00.