Gospelnight

Av: Administrator
15/04-2016

Førstkomande fredag, den 15. april klokka 20:30, vil det bli arrangert Gospelnight i Herøy Frikyrkje. Arrangementet er eit samarbeid mellom Herøy Kyrkje, Herøy Frikyrkje og Ungdomskoret Respons. I tillegg deltek Herøy Gospelkor.


Frå konsert med "prinsesongaren" Samuel Ljungblad hausten 2015

Ungdomskoret Respons er knytt til Emblem bedehus utanfor Ålesund og er ein del av ungdomsaktiviteten i Emblem bedehusforsamling. Respons er eit kreativt, kristent ungdomstilbod med vekt på song og musikk. Eit mål er å gi ungdomane høve til å utvikle seg musikalsk, kreativt, sosialt/menneskeleg og åndeleg. I dag har koret i overkant av 100 medlemmer som kjem frå store deler av Ålesund, men også frå kommunane ikring: Sula, Skodje og Sykkylven. Målgruppe er ungdom frå 8. klasse og oppover.

Musikkstil og opplegg er i stor grad prega av ungdom. Ein del av korets repertoar er skrive av musikalsk leiar Arild Berstad. Resten er kjende og ukjende songar som stilmessig spenner frå gospel, pop og jazzrock, til blanding av ulike stilarter. Koret har eige 6-manns band, og eig også eit eige lys- og lydanlegg som ei intern teknikargruppe på fem personar tar seg av.

Koret held konsertar og opptrer i ulike samanhengar - mest på ungdomsarrangement, men også ved tradisjonelle "store hendingar" som konfirmasjonar, på julaftangudsteneste, på 17.mai-arrangement m.m. Koret har opptredd på ca 1000 ulike arrangement i heile Sør-Norge og turnert i Polen, Tyskland, Danmark, Sverige, Østerrike, Holland, Spania, Italia, Estland og Sveits.

Hausten 2003 deltok Birgitte Velsvik og Respons med songen "Oh happy day" i NRK-programmet Kjempesjansen, leia av Dan Børge Akerø. Det vart 2.plass og en fin sum premiepengar. "Oh, happy day" er ein må-være-med-på-gospelnight-song.

Hausten 2015 song koret saman med den verdskjente soul-artisten Samuel Ljungbladh. Samuel er kanskje mest kjent for dei fleste som "prinsesongaren", etter at han trollbatt ei heil verd med "Joyfull, Joyfull" under sommarens prinsebryllup i Sverige. Respons kjem med den òg!

Dei siste tre åra har koret vore dirigert av Miriam Kopperstad Wolff, med røter frå Nerlandsøya! Ho er ikkje den første dirigenten med røter frå Herøy. Tidlegare har Ragnhild Sofie Kopperstad, som er tremenning til Miriam, dirigert koret og lage songar til koret. Kanskje syng Miriam ein av Ragnhild sine songar?

Vi vonar at så mange som har anledning tek turen på konsert denne fredagskvelden for å oppleve ein god og tradisjonell Gospelnight!

Velkomen.