Snart klart for påskegospel

Av: Administrator
14/03-2016

Onsdag 16. mars er det klart for påskegospel i Herøy Frikyrkje. Då kjem Ulstein Gospelkor og Nærø Vokal med band. Gospelkoret har sidan august I fjor øvd sidan med tanke på påskekonsertane, og no vonar dei at du tek turen.


På begge konsertane er påskebodskapen sentral.

Gospelkoret har øvd sidan august i fjor med tanke på påskekonsertane I Herøy og Ulstein, konsertar som for mange har vorte ein fin inngang til påskehøgtida. Det er fjerde året Gospelkoret skipar til påskekonsert i veka før palmehelga. Vi skal synge både gode, gamle songar, men vi har også ein del nytt som du garantert har lyst til å høyre fleire gongar!

Billettar kjøper du ved inngangen eller på Sjøborg sine nettsider. Er du under seksten år kjem du gratis inn.

Gospelkoret starta opp i 2011 og har jamt hatt 35–40 faste songarar, men har plass til mange fleire! Gospelkoret er eit lavterskel-kor der du kan kome å synge sjølv om du tidlegare berre har sunge i dusjen eller heilt åleine i bilen!

Koret sin faste og flinke dirigent Einfrid Grindheim losar koret gjennom notane for å skape fantastisk musikk i lag med koret og eit knippe dyktige musikarar i bandet.

- Vi har i haust sunge på gudstenester i Ulsteinvik, Ørsta og Herøy, vi deltok på Syng jula inn i Ulsteinkyrkja og vi arrangerte korkafe på Fredheim, heiter det I ei pressemelding frå gospelkoret.

No gler koret seg til konsertane og vonar du tek turen!