Vakkert i Frikyrkja

Av: Administrator
17/02-2016

- Ein musikalsk festkveld vi vil leve lenge på! Det er fantastisk at vi her ute i havgapet kan få oppleve konsertar av ein slik kvalitet med slike strålande artistar.

Tekst/foto: Fred Frantzen, Vestlandsnytt


Maria Sødal Arredondo og Torstein Sødal i ein av sine mange flotte duettar i Frikyrkja laurdag.

Superlativa hagla i lufta frå eit begeistra publikum etter konserten med Maria Arredondo Sødal, Torstein Sødal pianisten Øystein Lund Olafsen og Tolvtetten i Frikyrkja laurdag kveld. Publikum vart tekne med på ei spanande og variert musikalsk reise med smakebitar (gobitar) frå mange sjangrar; frå feiande frisk gospel og salmer, gjennom viser og svingande jazzklassikarar til «gåsehud»-framføringar av ein del av våre mest kjende musical-perler. Det heile framført av kanskje det bestesyngande ekteparet i Noreg, med ei innleving og ei stemmeprakt som går rett til hjartet.

Ekteparet Arredondo Sødal sette standarden allereie i opningsnummeret, då dei kom ruslande i midtgangen, og fylte kyrkjeromet med nydeleg vellyd i «You raise me up», eit klart signal om at vi hadde ein stor kveld framføre oss. Med sin uformelle, folkelege og sjarmerande veremåte fann ekteparet fort tonen også med publikum. Dei takka for den varme mottakinga, og Maria skrytte av den flotte naturen. Slikt likar herøyværingar å høyre. Dei to artistane, som gifta seg for ei tid tilbake har vakse opp i Frikyrkjemiljøet på Sørlandet, Maria i Vennesla og Torstein i Kristiansand.

Dei fortsette med to songar frå barndomstida som skapte gode assosiasjonar for dei begge. Først Torstein med den vakre salmen «Som når eit barn kommer hjem om kvelden», som han ofte song i bilen saman med morfaren. Maria hadde valt «Den fyrste song» som var eit trygt ankerfeste og som ho ofte song saman med mora.

Maria tok oss så med på ein tur til Oslo-fjorden med ei fin tolking av Karin Diesen sin klassikar «Det hender så mange på Hovedøen». Mange hugsar nok igjen den populære revyvisa frå «Ønskekonserten». Så var det klart for svingande rytmer der Torstein til fulle fekk prova at han beherskar dei fleste sjangrar med ein feiande frisk versjon av jazzklassikaren «Paper Moon», der også kveldens kapellmeister, den eminente pianisten Øystein Lund Olafsen, fekk utfalde seg på tangentane. Han briljerte på pianokrakken, og vi forstår godt at han er svært ettertrakta akkompanatør blant landets fremste artistar. Også Maria viste sitt mangfald og viste at også ho beherska jazz-sjangren med ei svingande framføring av Marylon Monroe sin Broadway-klassikar «Diamonds are a girl`s best friend».


Pianist og akkompagnatør Øystein Lund Olfasen briljerte på tangentane, og vi forstår godt at han er ettertrakta blant landets beste artistar.

Og høgdepunkta stod i kø. Torstein framførte «Antem» frå «Chess» med ein fylde, innleving og stemmeprakt som ikkje står til atters for Tommy Kørberg sin originalversjon.

Maria Arredondo har hausta strålande kritikkar for si hovedrolle i «Sound of Music», der VG meinte at Maria var magisk i rolla som Maria von Trapp. Saman med ektemannen framførte dei smakebitar frå denne populære muscialen frå 60-talet, med mellom anna «Edelweiss» og «Climb every montain», som førte til spontanapplaus i salen. Og på ein av songane vart publikum også invitert dei «salen» til å delta både med «plystre-kor» og jodling.

Etter dette var det klart for ei avdeling med Gospelssongar, der Sødal-ekteparet vart «bakka opp» av «Tolvtetten». I denne avdelinga fekk vi mellom anna høyre Gospel-klassikar som «I am sourrended», «Jesus is the answer» og «Soon and very soon we`re going to see the King» og «Go tell in the mountain». «Tolvtetten» sine dyktige songarar var med å skape skikkeleg trøkk og fylde på dei flotte gospelframføringane.


Tolvtetten, under sin dirigent Unni Kvamme t.v, «backa opp» ekteparet Sødal Arredondo med «trøkk» og fylde i gospel-avdelinga.

Og Torstein var ikkje smålåten då han han introduserte Herøy-koret.

– Eg har hatt gleda av å synge saman med denne flotte gjengen tidlegare, og håpa dei kunne stille også denne gongen. Difor vart eg kjempeglad då Erhard kunne fortelje at dei var klare. Det er ein fest å få lov å synge saman med denne gjengen, - det kjennest som å ha ein frisk bris i ryggen, sa Sødal mellom anna. Og betre attest kan Tolvtetten knapt få frå ei av norges beste songarar. Dirigent Unni Kvamme & Co. hadde også ei eiga avdeling der dei framførte dei to Sigvart Dagsland-songane «Sangen om gleden» og «Fast som fjell». Flotte harmoniar, fin balanse og som vanleg klokkereint. Også for Tolvtetten, som er inne i ei hektisk periode, må det vere inspirerande å få vere med på slike «happeningar» frå anerkjende artistar. Neste oppgåve for koret er plateinnspeling saman med Ytre Sulens Jazzensemble i slutten av februar.

Ekteparet Arredondo Sødal avslutta kvelden med ei fantastisk tolking av «The Prayer», som ikkje stod langt til atters for Celine Dion og Andrea Bocelli sin originalversjon til trampeklapp frå publikum, som eit verdig punktum for ein minnerik kveld. Etter besøket i Fosnavåg, er ein turne til Kina det neste som står på programmet for det sympatiske paret.

Under konserten orienterte ekteparet om at dei har eit brennande engasjement for funksjonshemma born i Moldovia. Mellom anna viste dei ein gripande film om dei forferdelege tilhøva borna lever under, og etter konserten var det mange som nytte høve til støtte opp om prosjektet.