Arredondo og Sødal til Herøy frikyrkje

Av: Administrator
19/01-2016

Maria Sødal Arredondo og Torstein Sødal må vere av dei bestsyngande ektepara i Norge. Laurdag 13. februar kjem dei til Herøy frikyrkje.


Maria Sødal Arredondo og Torstein Sødal

Maria Sødal Arredondo slo gjennom som artist for femten år sidan. Ho har gitt ut fleire plater, hatt ei rekkje hit`ar og er kritikarrost for si hovudrolle i «Sound of music». VG meinte Maria var magisk i rolla som Maria von Trapp. Dei siste åra har Arredondo samarbeidd mykje med Torstein Sødal. Dei fann tonen og i fjor haust gifta dei seg i Vennesla frikirke. Sødal har jobba mellom anna med Hanne Krogh på hennar julekonsertar før han vart ein del av julekvartetten «Stille natt, hellige natt».

Pianisten Øystein Lund Olafsen som har jobba i lag med mange av dei fremste artistane i landet. I februar vert det konsertar både i Herøy og Sula frikirke, og konsertane vert noko av det siste dei gjer før dei reiser på turne i Kina.
Artistane lovar eit variert repertoar med innslag frå Sound of music, gospel, viser og nokre religiøse songar.
- Nøkkelordet er songglede.
Koret Tolvtetten vert også med på konserten. Dei har ei hektisk vinter fylt av spennande konsertar og mykje fin musikk. Før jul hadde koret julekonsertar saman Beate S Lech. I slutten av januar skal dei ha konsert med Jon Lotterud før dei stiller stemmebanda inn på Arredondo og Sødal-konserten i midten av februar og live plateinnspeling saman med Ytre Suløens jazzensemble i slutten av februar.


Tolvtetten

Du får kjøpt bilettar til konserten med Maria Sødal Arredondo, Torstein Sødal og Tolvetten i Herøy frikyrkje og ved døra i forkant av konserten.