Julegospelkonsert med Herøy Gospelkor

Av: Administrator
25/11-2015

Julesongar i gospelinnpakning frå unge som vil nå inn til hjartet. Det er oppskrifta på konserten til Herøy gospelkor i år. Det har vorte ein tradisjon at Herøy gospelkor avsluttar haustsemesteret med julekonsert – og julebord for songarane. I år har Elise Nærø dirigert koret gjennom hausten og målet har vore å få til ein julekonsert med gospelinnpakning.


Herøy Gospelkor

- Eg gler meg sånn, seier ho.

- Koret er ein gjeng som syng frå hjartet. Gjennom hausten har dei vore opptekne av å få hjelp til det musikktekniske, men dei har så lyst til å gi folk meir enn berre ei musikalsk oppleving. Prosjektet har vore fomidling av songane. Koret har gått inn i songane, for at dei kan få gi noko og treffe folk som høyrer på. Med i Herøy gospelkor er ungdomar frå 8. klasse og oppover. Mange av dei er allereie både scenvande og erfarne songarar. Laurdag 28. november vil dei om lag femten songarane gi publikum ein adventskonsert som er nedtona, men samtidig inneheld rikeleg med gospelfeeling.

- Vi skal ha berre piano til songane. Slik får tekstane meir fokus og koret får meir fram det dei skal formidle. Tradisjonelle julesongar som Deilig er jorden er har fått sitt gospelkrydder og i tillegg kjem nyare julesongar som mellom anna «Julenatt» og «En stjerne skinner i natt» av Oslo Gospel Choir. Konserten blir på ein knapp time og foregår på ettermiddagstid, så det er ein konsert det passar fint å ha med heile familien på, seier Elise Nærø.