Svingande gospelkonsert

Av: Administrator
19/03-2015

Eit piano, to stemmer, meir skulle det ikkje til. Det svingde frå første song då Elsa Harris og Angela Primm entre scena i Herøy Frikyrkje og i ein og halv time tok tilhøyrarane med på ei reise i gospelens historie.


Nokre minutter før konsertstart står Angela Primm på scenen og deler sitt vitnesbyrd med nokre fra Herøy Gospelkor. Dei vart heilt på sparket utfordra til å bli med på nokre songar under konserten. - De må synge med hjarte, de må meine det de syng, seier ho entusiastisk og fortel om eit liv som har bydd på motgang og vanskar, men kor Gud har vore og bore henne gjennom alt.

Så opnast dørane og det er klart for konsert. Elsa Harris har vore i Herøy fleire gongar før, mens Angela Primm er her for første gong. Angela er eit fyrverkeri, og hennar engasjerte og vinnande vesen får føtene til å svinge. Ho fortel om om gospelens opphav, om kodane dei svarte bruka for å fortele om viktige hendingar, ho fortel om songar som betyr noke ekstra for henne, og med humor og takksemd fortel ho om livet sitt. Det heile vert bunde samen av kjende gospelklassikarar og nokre meir framande songar. Elsa Harris er eit unikum på tangementene og publikum let seg imponere og klappar taktfast med.
Elsa Harris kjem frå Chicago og er musikalsk ansvarleg i si lokale kyrkje. Ho er korleiar og tre gongar kvar veke spelar og leier ho songen på gudstenestene. Meir enn 500 konsertar har Elsa delteke på i Noreg i løpet av åra, og fleire i publikum kunne fortelle Elsa om «då dei song med henne sist». Angela Primm som er frå Nashville har tidlegare turnert saman med Bill Gaither og hans Homecoming Friends i Norge.

Da Herøy Gospelkor går på scenen for å gjøre eit særnummer og to fellessnummer, er det vanskelig å site stille. Taktfast og med stor energi gir publikum seg til songen «O happy day» og «O when the saints».