Minnekonsertar for alle sørgjande 21. og 22. mars
- Med aktørar frå Herøy, Sande, Ulstein, Volda, Giske og Svelvik i Herøy kyrkje

Av: Administrator
17/03-2015

Sorg og smerte i samband med t.d. dødsfall, sjukdom og oppløyste samlivsforhold, er noko mange menneske møter i livet. I minnekonsertar i Herøy kyrkje i mars, vil ein bruke song og musikk til å tolke kjensler, lindre sorg og smerte og gi påfyll av krefter. Å bruke song og musikk i ein slik samanheng, og ikkje knytt til noka spesiell ulykke/dødsfall, er nytt i Herøy. Men i Ulstein, Hareid og Ørsta har ein i 2-10 år opplevd god oppslutning om liknande arrangement.


Annette Sollie Hagen spelar harpe

Ekstra låg dørstokk

Programmet er sett saman av nasjonalromantiske, profane og åndelege songar. Ein har lagt vekt på at det skal vere «ekstra låg dørstokk» i kyrkja under konsertane, såleis at flest mogeleg, uavhengig av personleg tru, kan få lyst til å møte fram.

Songarar/musikarar frå Sande, Ulstein, Volda, Giske, Svelvik og Herøy vil delta. Av omsyn til folk som jobbar i turnus, og fordi folk flest er veldig opptatt, vert det to konsertar å velje mellom, med nesten identisk program. Fylgjande vil vere med i begge konsertane: Cecilie Schilling, mezzosopran frå Svelvik. Ho vil m.a. synge Gabriellas song. Annette Sollie Hagen, Skodje/Valderøy, vil spele harpe. Odd- Kåre Fløtre, pianoentertainer og vokalist, deltar frå Volda. Linn Therese Sævik frå Herøy vil seie noko om sorg. Sokneprest Bjørn Leinebø vil halde ein kort minnetale/dele kveldstankar, og det vert ei felles (kyrkje-) bøn. I ei bønekrukke ved inngangsdøra kan ein leggje samanbretta lappar med bøneønskje. Lappane vert makulerte (ulesne) etter kyrkjebøna.

Laurdag 21. mars vil eit felleskor av Ulstein mannskor og Herøy mannskor delta, i tillegg til Herøy kyrkjekor. Søndag 22. mars vil det bli song av Sande kantori og Runde blandakor. Etter konsertane vert det høve til å tenne lys og samtale med kvarandre. Sanitetskvinner vil ordne med kyrkjekaffi. Konsertane er støtta av Sion, Frikyrkja og Statskyrkja.


Cecilie Schilling - foto A. Langum

For at folk skal vere garantert plass, vert det førehandssal av billettar i Fosnavåg og Ulsteinvik, i tillegg til ved inngangsdøra. Dersom ein får dekning av utgiftene av såkalla RDA-midlar, vil inntekta frå billettsalet gå til Sanitetshuset på Eggesbønes. Dette vart bygd i 1929 som eit minisjukehus. Pasientane kom frå 12 kommunar; frå Molde i nord, til Volda og Vanylven i sør. Det vart seinare brukt som sjukeheim til 1976.

Universelt hjertespråk

Sorg, sakn, smerte, sjukdom, einsemd, depresjon og kanskje mangel på håp og livslyst, er ikkje noko vi snakkar mykje om i vår travle kvardag. Song og musikk kan hjelpe oss til å gi uttrykk for noko vi synest er vanskeleg å setje «vanlege» ord på. Så er musikk eit universelt hjertespråk. Visjonen bak konsertane er at dei skal vere «av mange - for alle», ikkje berre for dei som sørgjer eller har ei gudstru. Ung eller gammal, glad eller sorgfull, er like velkomne! Dei gode song- og musikk-kreftene stiller opp fordi dei trur at slike konsertar kan fylle eit behov. Difor er vona at folk frå eit stort distrikt vil møte fram i Herøykatedralen, der det er god plass og svært god akustikk.