Adventskonsert

Av: Administrator
11/12-2014

Laurdag er du garantert god julestemning dersom du tek turen til Frikyrkja. Nesten alle ingrediensane som skal til får du gratis servert der. I skrivande stund er vi litt usikre på om det vert puddersnøv og ribbelukt, men, men.
Mange sprudlande glade born i fine juleklede, latter og mykje god energi kan vi love. Og alt dette i flott harmoni med kjente julesongar, som Deilig er jorden og musevisa, så ligg nok forholda til rette for eit smil i hjerte!


Lisje-frik og Baluba

Her kan du møte 13 nye og skjønne solistar i frå nærmiljøet. Dei songglade borna i barnekora Lisje-frik og Baluba stiller opp og lagar flott korsang (dei har vore så flike å øve). For dei har invitert sjøvaste Jarle Waldemar til å kome og halde Adventskonserten –La det sne. Han er kjent for å ha produsert og gitt ut 7 cdar, KristentBarneTV på film, som heiter JarleTV, og fleire bøker. Monge føler nok dei kjennar han gjennom desse. Men Jarle har også gjesta Herøy tidlegare, og det er alltid liv og røre rundt han!

Denne konserten er som sagt bygd opp rundt cden "La det sne", og vil by på mykje musikk. Der vil vere drama og enda til litt trylling. Så dette vert ei kjempekjekk stund for store og små. Det er berre å invitere med alle du kjenner! Dei 70+ borna i Barnekoret gled seg masse til å spre glede og godstemning denne ettermiddagen at med Jarle Waldemar, som til dagleg bur i Sandnes.

Du er varmt velkomen til ein vakker Familieadventskonsert i lag med oss. Håper vi ser dykk og at vi kan fylle huset til randa ;=)