Russ Taff i Herøy Frikyrkje

Av: Administrator
17/10-2014

«The Voice», Russ Taff, kjent frå «the Gaither Vocal Band» held konsert onsdag 29. Oktober i Herøy Frikyrkje, saman med sin pianist Larry Hall og koret Kvit Sektor. Russ Taff har fått tilnamnet på grunn av sin heilt spesielle stemme, og har med den vunnet fem Grammy Awards og ikkje mindre enn ni GMA/Dove-awards. Musikkbransjen i USA har karakterisert ham som: «The single most electrifying voice in Christian music.»


Russ Taff

Russ Taff fekk musikken inn med morsmelka. Det viste seg nemleg tidleg at han hadde arva mora sine musikkgenar. Han merka veldig tidleg at folk stoppa opp og lytta spesielt etter når han song. Nokon av hans tidlegaste barndomsminnar er frå pappa si kyrkje, der han i mamma sine trygge armar sugde inn musikken som strøymde ut frå koret. Hans kjennemerke som songar seinare i livet har vore den rike, kjensleprega framføringa, forma i desse barneåra i kyrkja.

Platesamlinga til mora var einaste godkjende underhaldning i pinsefamilien. Unge Russ lytta kvar dag, og Mahalia Jackson og the Five Blind Boys From Alabama fylte bokstavelig talt hans musikkhungrige hjarte med musikk. ”Det tala verkeleg til meg” seier Russ i dag. ”Eg kunne lukke augene og berre flyte med i desse fantastiske stemmene.” Han og brørne sang ofte saman songane dei høyrde frå dei store gospelkvartettane vi har lært å kjenne gjennom Gaiterproduksjonene dei siste åra, kor Taff har vore ein av vokalistane.

Han blei for alvor kjend då gruppa Imperials spurte han om å bli med som ”lead singer”. Etter fire og eit halvt år med Imperials forlot han gruppa og starta si eige solokarriere. I samarbeid med si kone, Tori, skriver dei mykje musikk. Han plasserer seg ikkje i ei musikalsk bås, og hans utgjevingar er prega av ei spenstig blanding av alle genre, rock, pop, blues, gospel og også litt storband-jazz kan du høyre i hans framføringar. ”Eg er vel ikkje noen A4-musikar” seier han lunt. Han er påverka av så mange musikalske retningar at han ikkje setter musikalske restriksjonar for seg sjølv.

Han har gått ein lang veg sidan han lå på golvet og lytta til mammas plater. Men han har aldri gløymt kor han kom frå eller kva tonar som først røyrte hans hjarte.

Onsdag 29. Oktober kan du høyre denne anerkjende verdsartisten i Herøy Frikyrkje saman med sin pianist Larry Hall og koret Kvit Sektor.