Barnegospeltreff og gratis konsert med Mathias og Pernille

Av: Administrator
17/06-2014

For 7. gang på rad tromlar kyrkjene i Herøy saman til barnegospeltreff under Maritime Sommardagar. Lørdag under festivalen er alle born frå 5 år og oppover velkomen til å lære nye songar saman med Mathias og Pernille. Mathias og Pernille Fjalsett er artistane våre i år. Mathias har gitt ut 2 cd-er og på den siste er også søstera Pernille med. Ho har turnert med Mathias ein god stund og har også vore med i jentegruppa Seven i 4 år. Når de kommer til Fosnavåg vil de gjerne lære bort songar med dansesteg til , og vonar at mange born i alle aldrar kjem på barnegospeltreffet.


Mathias og Pernille Fjalsett

Det er pinsemenigheten Sion på Leikong, Herøy Kyrkje og Herøy Frikyrkje som arrangerar dette i lag. Et samarbeid som betyr meir og meir for dei involverte.. Både stabsmedlemmar og ulønna medarbeidarar er med i planlegging og gjennomføring. Vi synest festivalen er ein spanande arena som setter Fosnavåg og Herøy på kartet. Difor er det ei fin anledning til å samarbeide om å gi borna eit kjekt og spanande tilbod med frisk song og dans.

Barnegospeltreffet er i Frikyrkja i sentrum laurdag. Borna får god opplæring og det blir også tid for litt leik og ei matpause med pølse, frukt og drikke. Når så programmet er ferdig på utescena blir det gratis konsert med Mathias og Pernille, kor da barnekoret deltar med det dei har øvd inn. Det er ikkje noko anna program på festivalen i dette tidsromet, så alle er hjerteleg velkomen på konsert i Frikyrkja. Påmelding og andre spørsmål kan rettast til Frikyrkja.