SONGAR FRÅ VEST
Ørsta Frikyrkjekor med konsert med keltiske songar og salmar

Av: Administrator
17/03-2014

Så er Frikyrkjekoret klare for ei ny oppsetjing og byr inn til konsertar både på Hareid og i Ørsta 22. og 23. mars . Kvar vår dei seinare åra har Frikyrkjekoret hatt konsertar med ulike tema og ulike solistar.


Ørsta Frikyrkjekor

I år står songar med keltisk opphav på korprogrammet med solist Kristina Jølstad Moi. Dei siste åra har songar med keltisk opphav vorte populære i Norge, ikkje minst gjennom CD-ar som Kristina Jølstad Moi har gitt ut. Kristina er fødd i Ørsta og har hatt sterke band her også etter at familien flytta her ifrå. Faren, Sverre Jølstad, var forstandar i Ørsta Frikyrkje på syttitalet. Kristina har markert seg sterkt som songartist med eit vidt repertoar. Ho syng både klassiske songar og folketonar og jazz. Hennar interesse for keltisk musikk har ført til at ho har gitt ut CD-plater med songar frå vest, som dei vert kalla. Det var difor naturleg å få med Kristina som solist på denne konserten.


Kristina Jølstad Moi

Dei keltiske songane og salmane har eit folketonepreg, og det er øyane i vest, ikkje minst Irland, som er opphavsstaden til desse tonane.

Vi håper at denne konserten med keltiske songar, med solist Kristina Jølstad Moi og koret, vil slå an. I tillegg til koret stiller eit lite orkester opp: Inna Svendsen-Selyanina og Inger Remme, fiolin, Tone Vatne Myklebust, cello, Nils Ose, bass og fast pianist i koret, Elisabeth Stave, klaver. I tillegg har Kristina med seg eigen pianist: Kjetil Høyer Jonassen. Han har gått på høgskulen i Volda for ein del år sidan og var eitt år fast pianist på G2- gudstenestene i Frikyrkja i Ørsta.

Vår gode og inspirerande dirigent gjennom mange år, Knut Ose, er sjølvsagt dirigent på denne kvelden og.

Vel møtt til ein kveld med inspirasjon frå vest!

GuS