Song- og musikkveld med Ørsta Frikyrkjekor

Av: Administrator
23/10-2013

Ørsta frikyrkjekor med band inviterer publikum til song- og musikkveld i Herøy Frikyrkje søndag 27. oktober.


Ørsta Frikyrkjekor

På programmet står to avdelingar med koret og ei avdeling med musikkinnslag samt diktlesing.

Koret har henta fram utdrag frå den populære svenske gospelmusikalen «Brefriad». Denne musikalen vart laga og framførd første gong i 1973, og sidan framførd hundrevis av gongar. Mest kjen er vel framføringane til det kjende svenske gospelkoret Coralerna som mennene bak denne musikalen, Lars Mørlid og Peter Sandwall, var med å skipe. Tekstane er alle henta Bibelen, frå Johannes-evangeliet. Musikalen er omsett til nynorsk av Arne Myskja.

Frikyrkjekoret har denne gongen med tekstlesar og solistar frå eigne rekkjer, Per Oleiv Hovland, Jon Ståle Lystad og Arne Ola Grimstad. Koret sin faste pianist Elisabet Stave har med seg Nils Ose på bass, Tom Erik Bogen på synt og Idar Hagen på slagverk.

I tillegg til utdrag frå «Befriad», vil koret ha ei avdeling med andre evangeliske songar. Som tema for programmet har vi sett overskrifta «Rett til å bli Guds barn.»