Haram Gospel

Av: Administrator
23/10-2013

Haram Gospel har 15 års-jubileum i år og vil feire dette blant anna med tre konsertar i lag med den fantastiske solisten/vokalisten/gitaristen Ole Børud, busett i Stavern. Konsertane blir i Brattvåg, Fosnavåg og Langevåg, og blir arrangert frå 15. til 17. november. Konsert i Herøy frikyrkje laurdag 16.november.


Haram Gospel

Det er langt mellom gospelkora no for tida, men Haram Gospel har ein inspirerande dirigent (Ivar Holsvik) som brenn for sjangeren og for musikalsk kvalitet. Dette er nok grunnen til at vi har halde det gåande i 15 år. Mange av medlemmene har vore med heile tida. Vi serverer gospel av godt gammalt merke frå gammal tradisjonell Mississippi-blues til nyare og moderne stilartar. Haram Gospel har medlemmer frå heile Haram kommune, og også frå Ålesund.


Ole Børud

Haram Gospel og Ole Børud, samt band og blåserekke, vil denne gongen framføre musikk av Andraé Crouch og Kirk Franklin - det betyr at dette blir gospelkonsertar med trøkk og med stor grad av gjenkjenning for dei som likar gospel.


Andraé Crouch


Kirk Franklin