Tommelen opp for jentegruppa Seven!

Av: Administrator
17/09-2013

Sist helg besøkte den populære jentegruppa SEVEN Herøy Frikyrkje på nytt. Denne gangen hadde dei med seg barneartisten Savannah, og barnekora i Herøy Frikyrkje, Lisje-Frik og Baluba, deltok begge dagane.


Foto: Kristoffer Nærø Ytterland
meirenntusenord.com

Laurdag framførte jentegruppa Seven ”Bibelen på 60 minutter”, ein familiemusikal som gjennom song og drama ledar oss gjennom dei store hendingane i Bibelen på under 60 minutt. Sjølv om familiemusikalen nær sagt var å rekne som premiere for jentegruppa, stod ingenting tilbake på framføringa. Vi kom fort inn i handlinga, og vart ein del av Seven camp, ein annleis sommarleir for jentegruppa Seven.


Foto: Kristoffer Nærø Ytterland
meirenntusenord.com

Her fekk vi høyre om skaping og syndefall, om Noah og David, om Jesu fødsel og Jesu liv, om Jesu siste dagar og himmelfart, og om å følgje Jesus kvar dag.

På familiegudstenesta søndag talte Melinda Løver og jentegruppa Seven song eit variert utval frå sitt store repertoar. Savannah var også med på fleire songar. Løver nytta ein spennande form på andakta, ho fekk med seg fleire folk til spele roller og resten av salen fekk også delta aktivt i historia då Josva leia Israelsfolket inn i landet Gud hadde lova.


Foto: Kristoffer Nærø Ytterland
meirenntusenord.com

Jentegruppa Seven blei starta i 2003 og har heile tida vore aktive kristne barneartistar. Dei feirar i år sitt ti års jubileum og har i den anledning gitt ut ein ”Samletrippelboks” med 22 av sine beste songar og videoar, og i november kommer de med ny CD.

Saman med sin leder Melinda Løver held dei rundt 80 konsertar kvart år, møter tusenvis av barn på gospelfestar landet rundt, og har gitt ut åtte Cd-ar som til saman er seld i over 55000 eksemplara.

Hausten 2012 gav jentegruppa Seven saman med Savannah ut CD‘en ”Tommel opp”. Savannah er seks år og dotter av Melinda Løver. I 2011 debuterte Savannah som solist på CD‘en ”Det er gull”, også då saman med jentegruppa Seven.

Det er fjerde gang jentegruppa Seven er i Herøy, og også denne gangen var den tommelen opp for gjestane.