The Collingsworth Family

Av: Administrator
27/08-2013

Mange hadde venta spent på konserten med The Collingsworth Family i Herøy Frikyrkje, og då gospelgruppa frå Cincinatti inntok scena fylte folk frå heile Søre Sunnmøre kyrkja til siste plass.


The Collingsworth Family, f.v. Phil Collinsworth, Brooklyn Blair, Courtney Collingsworth Metz, Phillip Brian Collingsworth, Olivia Collingsworth, Kim Collingsworth.

The Collingsworth Family er i dag ei av USA si mest populære og etterspurte gospelgrupper og konserten i Herøy Frikyrkje viste oss kvifor. Konserten starta med eit a’capella nummer som fekk frem kva stemmer ein her stod overfor, og konserten varierte vidare frå gamle salmar, frisk gospel til vakre instrumentallåter.

I mange år brukte The Collingswort Family sitt talent i lokale kyrkjer både som musikarar, songarar og korleiarar. Etter kvart kom det fire barn i heimen, tre jenter og ein gut, som alle viste same interesse og talent for song og musikk. 

Sin første opptreden som familie hadde dei i ei kyrkje i Petersburg, Michigan i august 1986. Frå den dagen har ting utvikla seg på ein slik måte at dei no har reist over heile USA med sin song og musikk. I seinare tid har det og blitt besøk til fleire land utanfor USA sine grenser.

Kim Collingsworth er kjent for sitt talent på piano og då ho såg Bechstein-flygelet stråla ho over å få bruke det ho omtala som «flygelens Rolls-Royce».


Kim Collingsworth

I 2012 blei Kim Collingsworth heidra med prisen «The gospel musician of the year» i USA, og i løpet av konserten var det ingen tvil om at ho fortente prisen. Kim har fleire plateutgjevingar bak seg, mellom anna saman med Prague filhamornican orcestra.

Døtrene er også dyktige musikarar og leitte frem sine fiolonar for å gi oss både svingande countrygospel og ei vakker tolking av David Foster sin song «The prayer».


Courtney Collingsworth Metz


Brooklyn Blair

Konserten blei avslutta med den kjende salmen «How great thou art» (O Store Gud), og då heile forsamlinga tok over og stemte i salmen på norsk , var det song fylt med takksemd og glede over ein konsert som trass høge forventingar hadde overgått dei alle.