The Collingsworth family til Norge

Av: Administrator
10/07-2013

Den svært populære familiegruppa ”The Collingsworth Family” kjem til Norge i august, og 16. august kan du høyre dei i Herøy Frikyrkje


The Collingsworth Family

The Collingsworth Family består av far Phil og mor Kim, og deira fire barn, Brooklyn, Courtney, Phillip og Olivia

Å få oppleve ein kveld med denne familien er eit musikalsk høgdepunkt. Songen og musikken er ein nytelse å lytte til og sist men ikkje minst, ei andeleg berøring av dei sjeldne!

Phil og Kim starta sin musikalske karriere allereie i studietida.

Phil har tatt utdanning som trompetist og Kim er kjent for sitt heilt spesielle talent på piano. I mange år bruka dei sitt talent i lokale kyrkjer både som musikarar, songarar og korleiarar.

Etter kvart kom det fire barn i heimen, tre jenter og ein gut, som tidleg viste same interesse og talent for song og musikk. Dei to eldste jentene er svært dyktige på fiolin i tilegg til songen.

Sin første opptreden som familie hadde dei i ei kyrkje i Petersburg, Michigan i august 1986.

Frå den dagen har ting utvikla seg på ein slik måte at dei no har reist over heile USA med sin song og musikk. Den seinare tid har det og blitt besøk til fleire land utanfor USA sine grenser.

Gjennom åra har det blitt fleire DVD innspelingar og endå fleire CD utgjevingar. Familiegruppa har både som gruppe og enkeltpersonar motteke mange utmerkingar for sine store talent.

Kvar tysdag kveld held familien Collingsworth eit privat bønnemøte i sitt hus. Dette starta dei med før dei begynte i fulltidsteneste som songarar. Her ber dei om frelse og bevaring for si familie, og om leiing og velsigning over tenesta dei har i Guds rike.

Som familie har dei eit ønske seier Phil: ”Det talent Gud har gitt oss ønskjer vi gje Gud tilbake gjennom vår teneste”

Og nå har du høve til å møte denne fantastiske familien i Herøy Frikyrkje. Det er ingen inngangsbillett, men det vert tatt opp kollekt for å dekke utgifter. Be med deg naboar og vener, kollegaer og familie. Ein kveld med denne familien er noko du seint gløymer!