Happy Hearts med CD lansering

Av: Administrator
24/04-2013

Lisje-Frik og Baluba er Herøy Frikyrkje sine store og flotte barnekor. Happy Hearts er ei gruppe med utspring i barnekoret Baluba og består av åtte sprudlande og fantastiske jenter. Gruppa syng på nynorsk og engelsk og under leiing av Elise Nærø er dei nå plateaktuelle med plata ”Eg er rik”. Det er Elise Nærø som har skreve dei ni songane på CD’en.


1. mai er Happy Hearts klar med CD’en ”Eg er fri”. Foto: Kristoffer Ytterland

CD vart innspelt i Frikyrkja i januar, og den rykande ferske plata er nå klar for lansering. 1. mai kl.17.00 står jentene klare på scenen i Herøy Frikyrkje for å gi deg ei fantastisk konsertoppleving. På CD’en som på konserten blir sangen akkompagnert av Elise Nærø på piano. Happy Hearts kan også love nokre ekstra overraskingar på konserten.

Denne konserten må du få med deg!