Konsert med Hans Petter Hammersmark frå The Voice og Herøy Gospelkor

Av: Administrator
17/04-2013

Onsdag 8. mai er det klart for ny storkonsert i Herøy Frikyrkje! Denne gang er det Hans Petter Hammersmark som kjem. Hans Petter Hammersmark besøkte Herøy i desember, då som songar i Oslo Gospel Choir.


Hans Petter Hammersmark si karriere tok fart då han sjarmerte heile det norske folk med sitt bidrag i The Voice i fjor haust. Her nådde han kvartfinalen og hadde Sondre Lerche som sin rettleiar. Med Hans Petter sin særeigne stemme og nærleik på scenen, lovar vi ein heilaften med klassiske gospel- og soulsongar som vil røre både hjarte og føter hos både unge og vaksne.

Hans Petter er Frikyrkjegut frå Stavern og har alltid har vore veldig glad i musikk! Han har sunge mykje gjennom oppveksten og har ein songglad familie som har bidrege på sin måte til dette. Han har opp gjennom åra vore med i fleire kor, både som songar og som dirigent- og musikalsk ansvarleg.
For Hans Petter er trua på Gud viktig, i tillegg vil han bruke si plattform som artist til å hjelpe barn som ikkje har dei same mulegheiter som oss.


- For meg har det alltid vore viktig å hjelpe andre som ikkje har dei same goda som eg har. Star of hope driv eit solid arbeid retta mot barn og unge som eg synest er super viktig og som eg føler meg heldig som får vere ein del av, seier Hans Petter. 

På konserten deltek også Herøy Gospelkor. Koret gav i 2009 ut sin første CD ”Mighty King” og i 2012 kom deira andre CD ”Desemberveg”. Koret høyrer heime i Herøy Frikyrkje og vert leia og Vegard og Synnøve Voldsund.


På konserten vil Herøy Gospelkor gjere fleire songar saman med Hans Petter Hammersmark, men vil også ha ei eiga avdeling.

Star of Hope vil på desse konsertane promotere det internasjonale arbeidet ved å ha stand, vise film og gje mulegheit til å teikne fadderskap.

Billettar til konserten vert selde på A. Sævik i Fosnavåg.