Tett på Evie.

Av: Administrator
07/02-2013

Søndag kveld stilte Vestlandsnytt sin utsending på konsert i Frikyrkja, han hadde ikkje høyrt så mykje om Evie før, men det var det tydelegvis mange andre som hadde gjort, for her var det fullt hus.


Evie kosa seg på scena og gav av seg sjølv.

Evie Tornquist Karlsson er norsk-amerikanar og sørlending. Ho snakka norsk heile kvelden og publikum synest det var berre artig at ho blanda orda inn i mellom. Ho har aldri bodd i Norge sjølv, men begge foreldra utvandra frå Sørlandet før ho vart fødd. På turneen i Norge har ho med seg sonen Kris Karlson som er ein svært dugande gitarist og songar. Kris er i dag musikar på heiltid medan Evie saman med mannen Pelle Karsson jobbar i Kinamisjonen.


Evie og Kris i duett.

Kvit Sektor med dirigent Marit Dalsbø opna konserten, og Evie var raus med godorda om koret då ho kom på scena . I god norsk-amerikanar stil veksla ho mellom norske, svenske og engels språklege songar. Men ho valde den norske versjonen der den fanst. Den første songen var på engelsk ”Turn them all to Jesus”, og ho viste umiddelbart at dette har ho gjort før. Neste song var ”Hellig, Hellig, Holy”, altså på norsk, men med eit engelsk vers ”vi tek den sånn fifthy -femti” seier ho og publikum ler godt.


Kvit sektor song saman med Evie på tre songar.

Evie tok seg god tid denne kvelden, mellom songane fortalde ho både om opphavet til songane og om hennar opplevingar i eit langt liv som artist. Beste historia var når ho skulle synge for ein konge for første gong, kongen var Norges Kong Olav og konserten var Carnegie Hall i New York. Evie ville helse på kongen og gav han ein klem og sa ”Du er så skjønn”, ingen hadde fortalt henne at ein ikkje kunne seie ”du” til kongen. Slik innleda ho til songen ”Kongen kommer”.

Som så mange som kjem til vår del av landet skryt Evie av naturen, ”Når Herren skapte Vestlandet, hadde han det gøy” seier ho. Og det såg det ut til at publikum hadde det denne søndagskvelden også. Og mange ville ta med seg moroa heim for Evie signerte CDar i felen etter konserten. Ho har nyleg gitt ut ny CD, 40 år etter at ho som 16 åring gav ut si første plate.

På konsert for Vestlandsnytt: Jan Magne Goksøyr