Varm julekonsert frå Garness

Av: Administrator
19/12-2012

Herøy Frikyrkje var nesten fullsett då tvillingduoen Garness med band entra scena fredag kveld. Konserten var ein musikalsk festreise frå start til slutt.


Julekonserten med Garness var ein av til saman ti julekonsertar Garness har nå før jul, og tvillingduoen gjekk langt i å kåre Herøy til den vakraste plassen i Noreg.

Det var ein imponerande julekonsert. Ved eit par høve fekk vi stifte kjennskap til bestemor Halldis Reigstad sine tekstar som Garness hadde sett melodi til, og elles var det kjente julesongar i ny og spennande musikalsk språkdrakt. Søstrene Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad framfører både gamle velkjente og nyskreve julesongar med stort engasjement, og saman med sine musikarar laga dei eit rikt og stemningsfullt lydbilete.


Songane var stort sett henta frå deira album ”Barnet i krybben” som vart kåra til årets juleplate då den kom for nokre år sidan.

Dei fem songarane og musikarane på scena imponerte over tette og spennande klangar, eit mangfald av instrument vart nytta og saman med deira lydteknikar var dei med å skape eit lydbilete som verka fengslande gjennom heile konserten.

Både Ingelin og Hildegunn har ein varm og inderleg måte å leia publikum gjennom sine konsertar, og det er alltid godt å bli kjent med bakgrunnen til julesongar som kanskje ikkje er så kjende.


Ei av låtane Garness framførte var skrive av ein fange i fengselet på Akershus festning i 1932 og tonesett av Garness. Fangen i fengselet høyrte kyrkjeklokkene og skreiv ned tankane kring jula i eit diktet som no vart til songen ”Fangens julekveld”.

Midt i konserten tok dei fem på scena like god turen ned i midtgangen og dro ein spennande versjon av ”Eit barn er født i Betlehem” til stor begeistring frå publikum.

At folk likte det dei høyrde var tydeleg. Trampeklapp gjorde at Garness måtte på scena for ekstranummer og då konserten var over var det lang kø for å sikre seg ei signert juleplate.