Desemberveg – Ein spanande musikals reise med Herøy Gospelkor!

Av: Administrator
27/11-2012

Laurdag 17. november slapp Herøy Gospelkor sin andre cd, ”Desemberveg”. I anledninga hadde dei ein flott konsert i Herøy Frikyrkje med fullt band, lys og lyd. Dei tok store og små tilhørarar gjennom ei musikalsk reise som syner korets etter kvart breide reportoar. Det er fleire gode solistar som bidreg og songane strekkjer seg frå det rolege til gospel med trøkk.


Herøy Gospelkor har holdt trufast på kvar uke i monge år, og det er imponerande kva dei får til, trass relativt få songarar. Dirigent Synnøve Voldsund leiar det heile på ein engasjert og varm måte, og mannen hennar Vegard styrer musikken med autoritet frå pianokrakken . Vi kan på det varmaste anbefale deg å skaffe cden ”Desemberveg”!

Lastar spelaren...