Julekonsert med Garness

Av: Administrator
06/10-2012

Då tvillingduoen Garness heldt konsert i Herøy Frikyrkje i september i fjor gjekk pastor Erhard Hermansen langt i å love ein ny konsert. No er dei tilbake med ein spennande julekonsert.


I fjor gjesta tvillinduoen Garness Herøy og Herøyfolket omfamna dei med glede. No er dei tilbake. Deira juleplate vart i 2009 kåra til årets beste julegåve og no kan du få med deg denne fantastiske duoen med saman med fullt band.

Fredag 14. desember kjem tvillingduoen Garness til Fosnavåg for å halde julekonsert. Duoen fortel at dei gler seg veldig til å komme tilbake til vakre Herøy og til eit flott konsertlokale. Deira kritikarroste juleplate Barnet i krybben fekk terningkast fem og seks, og vart av Dagbladet omtala som årets beste norske juleplate. Dagbladet skreiv ”De behager, de appellerer til ens indre julemelankoliker, og de pirker forsiktig borti konvensjonene. Årets beste norske juleplate”.

Søstrene Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad framfører både gamle velkjente og nyskreve julesongar med stort engasjement, og lagar saman med sine tre medmusikantar eit rikt og stemningsfullt lydbilete. Sjølv spelar dei gitarar, mandolin, klokkespel, autoharpe og perkusjon.


Garness har delteke i TV-program som Beat for Beat, Kjempesjansen og Kronprinsparet sin julekonsert. Dei er kjent frå samarbeid med Marit Larsen, Odd Nordstoga, Sigvart Dagsland, Elvira Nikolaisen og Oslo Gospel Choir, i konsertsamanheng, på innspelingar og på skjermen. Duoen har elles også gitt ut albumet The Good or Better Side of Things.

Når dei kjem til Herøy Frikyrkje har dei med same musikarane som sist. Alle som fekk med seg konserten i fjor var full av lovord, no har du muligheit til å få med deg ein heilt fantastisk julekonsert fredag 14 desember.