Ettermiddagskonsert med Credo i Herøy Frikyrkje

Av: Administrator
14/09-2012

Søndag 23. september kjem Credo, eit kyrkjekor frå St. Mihkael Lutherske Kyrkje i St. i St. Petersburg til Herøy Frikyrkje og held ettermiddagskonsert.


Credo

I 2006 då Ørsta Frikyrkjekor feira 100-årsjubileum la koret jubileumsturen til St. Petersburg. Under besøket i St. Petersburg hadde koret to konsertar i to lutherske kyrkjer, og i den eine, St. Mihkael Kyrkja, vart kormedlemmene kjende med songarsøskjen i kyrkjekoret der.

I 2007 kom dette koret, Credo, til Ørsta på gjenvisitt. Oktober vêret på våre kantar kan vere så mangt, men begeistringa hos dei russiske vennane var stor, og sidan har dei fleire gongar meir enn ”antyda” at dei gjerne ville kome på besøk ein gong til.

Helga 22.-24. september kjem altså kyrkjekoret frå St. Mihkael Lutherske Kyrkje i St. Petersburg på nytt besøk. Frikyrkjekoret i Ørsta er vertsskap, og medlemmene i Credo vil oppleve mest mogleg av Søre Sunnmøre dei tre dagane dei skal vere her.

Søndag 23. september vert det ettermiddagskonsert ved Credo, med russisk kyrkjemusikk og russiske folketonar på programmet. Det er all grunn til å finne vegen til Herøy Frikyrkje og oppleve dette kyrkjekoret.