Konsert med Jon Lotterud trio og Haram Gospel

Av: Administrator
14/09-2012

Laurdag 22. september kjem Jon Lotterud til Herøy Frikyrkje saman med sine fast musikarar og Haram Gospel.


Jon Lotterud

Etter meir enn tretti år med konsertar og korseminar i inn og utland, fant Jon Lotterud ut at han ville markere dette med ein ny utgjeving på sin 50 - års dag og gav ut plata ”Til deg”.

"Til deg" er ei slags samleplate med nyinnspeling av songar frå dei fleste av hans utgjevingar saman med eit knippe nye songar som ikkje er utgitt før. Stilmessig kan ein sei at det er en blanding av pop, viser, gospel og jazz. Kort sagt den musikken Jon har drevet med i alle de årene han har vært aktiv. På plata medverkar gode vener og musikalske samarbeidspartnarar gjennom eit langt musikarliv. Plata har hausta gode kritikkar og terningkast.


Haram Gospel

Jon er frå Aurskog, men bur på Gjøvik og driv Lotte musikk. Nokre år fekk han og på Sunnmøre. Etter studietida vart han sivilarbeidar i Ørsta Frikyrkje, og ei tid dirigerte han også Frikyrkjekoret der.

I vår turnerte fekk mellom anna Ørsta besøk av Jon Lotterud trio og Haram Gospel og hausta denne kritikken etter konserten ”Det vart ein kveld som seint vil verte gløymt, ei oppleving av song og musikk, hallelujastemning og vare sekvensar, ein kveld vi kanskje får oppleve eit par gongar på fem år. Det var Jon Lotterud i sjeldan god lune, med munnlege innslag som fekk folk til både å le og felle tårer, eit sjeldan flott samspel mellom tangentinstrument, slagverk og bass, og eit kort som verkeleg imponerte på alle måtar”.

22. september kan du få oppleve Jon Lotterud trio og Haram Gospel i Herøy Frikyrkje.


Bassist Helge Harstad


Trommis Kjell Håkon Aalvik