Konsert med The Crist Family i Herøy Frikyrkje
- Det er Gud som alle ære skal ha!

Av: Administrator
01/09-2012

The Crist Family kjem fra USA. I 2004, etter 17 år i deltidsteneste selde dei husa sine i Seattle og Washington, flytta til Knoxville i Tennessee og starta si heiltidsteneste som songarar. Sist onsdag fekk Herøy Frikyrkje gle seg over deira samstemde røyster og deira solide vitnesbyrd om Jesus Kristus.


The Crist Family under konserten i Herøy Frikyrkje. F.v. Breana Henderson, John Starkel, Tami Crist Starkel, Lisa Crist, Rich Crist og Jackie Crist.

Det er andre gongen The Crist Family, som består at to søsken, deira ektefellar og born, er i Noreg. Mange hadde store forventningar og gruppa kvitterte med ein knallgod konsert.

Konserten varierte mellom solosong, duettar og sjølvslagt heile gruppa saman. Ved eit høve la gruppe frå seg mikrofonane fant sin plass i midtgongen i kyrkja og song ein nydeleg låt heilt accapella. Dei klare røystene deira kom då verkeleg fram.

Både songtekstar, framføring og personlege og sterke vitnesbyrd om Jesus, verda sitt lys, sette eit tydeleg preg på kvelden.


Det vart ein flott konsert, og vi er er svært glade for at The Crist Family tok turen til Herøy, seier pastor Erhard Hermansen. Her saman med søstrene Breana Henderson (tv) og Jacki Cristi.

Luke Starkel , son til eit av para var med som lydteknikar, men fikk og høve til å vise seg fram på scenen. Med stor frimod fortalde han at Sondre Lerche var hans store førebilde før han, ikkje heilt ulikt Sondre Lerche gav publikum to av sine eigne låtar. Luke som berre har spilt gitar i litt over to år, meistra dette på ein framifrå måte.

Johan Halsne som er forkynnar i Indremisjonen heldt ei kort appell med utgangspunkt i Peters fiskefangst og snakka om å stole på Jesu ord.

Etter rundt to og ein halv time var konserten over, men det store salet av CD’ar vitja om at songen deira vil leve lenge i Herøy vidare.