Feira 100 år i Herøy

Av: Administrator
22/06-2012

I 1912 gjekk 18 personar saman i heimen til Abel og Amalie Nærø på Nærøya, dei oppretta Herøy Frikyrkje. I dag har menigheita ekspandert kraftigt, med over 400 medlemmar og 200 barn og ungdom som aktivt tek del i deira aktivitetar. Onsdag inviterte frikyrkja til jubileumskonsert! (Tekst/Foto: Jørgen Kopperstad, Vestlandsnytt)


Catrina Sofie H. Leine framførte ein song akkompagnert av songpedagog Øyvind Granden Berg.

Kjendte innslag

Frikyrkja er kjendt for sine tradisjonar innan song og musikk. I 100 år har ho vore ein sentral brikke i kulturlivet i Herøy, noko publikum kunne sjå og høyre under onsdagens konsert. Artistar og grupper som Tolvtetten, Sirène, Rune Larsen og Elise Nærø var klare for å heidre Herøymenigheita.


Sirène utnytta den fine akkustikken i Herøy Frikyrkje. Her under framføringa av "Mellom bakkar og berg".

Rune Larsen er kjend landet over for sine engasjement innanfor misjon. Sjølv kjem han frå ein heim der kyrkja ikkje var ein særlig sentral brikke. Farfaren til Larsen var kommunist, noko som resulterte i at kyrkja kanskje vart sett litt ned på, uavhengig av relegionen i seg sjølv. Rune Larsen framførte fleire salmar og andre relegiøse songar.


Rune Larsen er ein kjend gjest i Herøy.

Annankvar vike har Elise Nærø elevar i Herøy Frikyrkje. Frikyrkja vert nemleg ikkje berre brukt som gudstenestebygg, kvar vikedag er ho gjerne teken i bruk av kor, bønnegrupper og til undervisning. Elise Nærø var med og opne onsdagens konsert med songen «Bridge over troubled water» i duett med pastor Erhard Hermansen.


Elevane til Elise Nærø, som ein gong annankvar vike har øving i frikyrkja, framførte to songar.


Vegard Voldsund, Erhard Hermansen og Elise Nærø opna konserten med "Bridge over troubled water".

Ei anna gruppe som til daglig øver i Frikyrkja er Tolvtetten. Onsdag var koret på scena heile fire gongar! Nokre gongar som koristar til andre artistar, men òg aleine.


Rune Larsen med "Han vil bæra deg". Her korer tolvtetten.

Herøy Gospelkor

For nokre år sidan flytta Vegard og Synnøve Voldsund til Herøy. Dei kom raskt i gong med gospelkor. For tre år sidan kom koret ut med første plata, og no er plate nr 2 i produksjon! Koret har alltid høyrt frikyrkja til, og har spela ei viktig rolle for kristen ungdom i krinsen.


Herøy Gospelkor i aksjon, her med solist Tomine Sævik. Vegard Voldsund akkompagnerte store delar av konserten på piano.

Midt i programmet fekk koret overta scena og framføre to av sine mest kjende melodiar. Klangen i kyrkjerommet i frikyrkja er heilt eineståande. Det er ikkje til å legge skjul på at frikyrkja truleg har, om ikkje det beste, eit av dei beste konsertlokala i Herøy.


Herøy Gospekor med solist Tomine Sævik.

Lang historie

I denne feiringsveka har Frikyrkja valgt å fokusere på å lage arrangement som passar for alle aldersgrupper. I tillegg har dei prøvd å inkludere alle dei levande, tidlegare pastorane i Herøy frikyrkje. Onsdag heldt Thorvald Hartviksen ei engasjerande andakt.

Frikyrkja er svært aktuell i desse dagar med nytt kyrkjebygg. Dette er det tredje i rekke av frikyrkjebygg i Herøy, på same tomt.

Vestlandsnytt snakka med Erhard Hermansen i forkant av gudstenesta. Hovedpastoren lova mykje variert program under feiringskonserten. Song og musikk har sterke tradisjonar i Frikyrkja, nett derfor ønskjer vi å inkludere dette i vår feiring gjennom ein eigen konsert.


Pastor Erhard Hermansen.

Over alle forventingar

Det kom raskt fram at oppmøtet på denne konserten vart svært høgt. Dørene inn i kyrkjesalen måtte opnast, slik at også inngongspartiet kunne fyllast med stolar.


Ein fullsett kyrkjesal

Etter konserten var tilbakemeldingane svært gode. Pastor Hermansen kan fortelje om mange sms’ar med ros. «Enkelte kunne fortelje at ein slik arrangement som dette her, det kunne dei leve lenge på» fortel Hermansen.

Mykje gjort og mykje i vente

I denne jubileumsveka har frikyrkja allereie haka ut fleire postar på programmet, og fleire er i vente. Misjonskveldar, barnemøter og konsertar i fleirtal gjer lokalet noko hektisk i desse dagar, til medlemmane og besøkjande si store glede.

Mellom anna står pastortime og jubileumsgudsteneste i vente. Pastor Hermansen håper på godt oppmøte og god stemning i dagane som kjem!

På jubileumskonsert for Vestlandsnytt
Jørgen Kopperstad