Femten for min Gud og ein for mor mi.

Av: Administrator
13/03-2012

Allereie ein time før konserten starta var det kø utanfor dørene til frikyrkja. Mange hadde gleda seg til storkonsert med Ole Børud og ti manns orkester. Og stemninga sto heilt til røykteppet under taket når folk kom seg inn i salen.


Ole børud hadde publikum med seg

Ole Børud starta si karriere som ”Minstemann” i familiebandet Børudgjengen. Men det er langt mellom Mintemann og den Ole Børund vi fekk oppleve denne kvelden. Her var det ei svært rocka utgåve som møtte publikum. Lydnivået var så høgt at ein for fyrste gong kunne høyre musikk på utsida av den nye frikyrkja. Men Ole var langt frå aleinepå scena. Gjennom scenerøyken kunne du sjå ei blåsereke på tre, trombone – trompet og saksofon. Bassist og trommis fekk lufta til å vibrere heilt til bakerste benk. Ole sjølv spelte gitar i tillegg hadde han med gitarist, ein på tangentar og to koristar.


Blåserekka leverte varene

Det var lite prat mellom songane, men då Ole introduserte songen ”She’s like no other” fortalde har litt om det han skriv om. ”Eg skriv mest om det eg trur på, om Gud og Jesus, men så vert det litt om damer. Eg har skreve tre songar til kona mi, og så har eg denne som er til mor mi”. Og songen frå den siste plata til Ole var ein av dei med høgast gjennkjenningsfaktor på konserten.

Det var svært flinke musikarar som spelte denne kvelden, og publikum fekk ei god musikalsk oppleving. Men kanskje vart det litt likt utover, den eine songen var ikkje så forskjellig frå den andre.

To gongar vart musikkarane klappa tilbake til instrumenta, og publikum såg ut til å være svært fornøgde etter konserten.