Ole Børud til Frikyrkja!

Av: Administrator
06/03-2012

Laurdag 10. Mars kjem Ole Børud til Herøy Frikyrkje saman med ti av landets beste musikarar, og billettsalet er alt godt i gang.


I ensemblet som står på scena i Herøy Frikyrkje laurdag 10. mars finn ein mellom anna Jens Petter Antonsen (bror til Ole Edvard) som er kjend frå eit hundretals studieinnspelingar og TV show. Vidare Lars-Erik Dahle, Børge Are Halvorsen og Even Skatrud frå ”Hans orkester” som vi kjenner frå mellom anna ”Allsang på grensen”, Markus Lillehaug Johnsen gitarist til mellom anna Helene Bøksle, og Knut Løechsen som vi mellom anna kjenner frå NRK programmet Popstokk. Dei andre i følgjet er Knut Arnesen, Ruben Dalen, Erik Kaasa og Tor Jørgen Ellingsen.

Ole Børud er rekna som ein av dei beste songarane i Norge. Han starta karrieren sin som ”Minstemann” i Børud-gjengen, og har halde fram på ei svært allsidig musikalsk reise. Ole Børud har mellom anna vore med i det svært anerkjende kristne metall-bandet Extol før han dreia i ei anna musikalsk retning og førebels landa i soul- og funkprega pop, der han har fått svært gode kritikkar frå inn og utland. Han har også rukke å vere leiar for husbandet i NRK serien ”Topp 10” og vore songar i det svært populære TV-programmet ”Skal vi danse”.

Ole Børud bur i Stavern, men reiser mykje som den profesjonelle komponisten og musikaren han er. I tillegg til karrieren som soloartist har Ole Børud delteke som vokalist, korist og gitarist på ei mengde plater og TV-program, og i det siste har du sett han i ”Beat for Beat” på NRK.


Musikken til Ole Børud er ein smart kombinasjon av soul, funk og west coast pop og han har hausta internasjonal anerkjenning for si siste plate ” Keep Movin”. Om plata var det sagt ”I en musikknasjon som har begge bena solid plantet i hvit rock, er artisten og låtskriveren Ole Børud et kjærkomment og forfriskende tilskudd. Med den ene foten i amerikansk vestkystmusikk og den andre i soul og funk, rokket debutskiva hans, Shakin´ the ground, ved musikk-Norges grunnvoller, med en eksplosiv blanding av funky beats og sofistikerte arrangementer. Albumet solgte 7000 fysiske eksemplarer i Skandinavia, og har i tillegg blitt utgitt i Japan. At Ole Børud har et unikt talent har det aldri vært noen tvil om, og med Keep Movin slår det ut i full blomst. Med noen av Norges beste musikere i ryggen, er det duket for en av årets store musikkopplevelser”.

Arrangørene trur det kan bli trangt om plassen til konserten i Frikyrkja laurdag 10. mars. Dei rår difor alle til å sikre seg billett til konserten allereie no! Billettane er lagde ut for førehandssal ved A. Sævik i Fosnavåg og på Bok og Media i Ulsteinvik.