Herøy Jantisjar og Tolvtetten med varierte tonar i Frikyrkja

Av: Administrator
07/02-2012

Søndag kveld inviterte to av dei musikalske aktørane i Herøy inn til Kyrkjekonsert i Herøy Frikyrkje. Programleiar, vert for kvelden og songar Erhard Hermansen kunne freiste publikum med eit variert program i fleire avdelinger. (tekst og bilete: Jørgen Kopperstad, for Vestlandsnytt)


Scena i Herøy Frikykje vart ganske folketrang då både Tolvtetten og Herøy Jantisjar var i elden

Frå korallar til andre tonar


Dirigent i Herøy Jantisjar Øyving Granden Berg, Pastor og vokalist Erhard Hermansen og leiar i Herøy Jantisjar og kultursjef Andreas Kvalsund

Først ut var Herøy Janitsjar med to korallar frå «oppvarmingsheftet» deira. Korpset har nyleg investert i nye notebøker med 120 korallar og salmar som dei ynskjer å bruke til oppvarming. Musikantane viste på ein stemningsfull måte at korallar duger like så godt på scena som til oppvarming.

Etter ei kort innleiing, kunne dirigent Øyvind Granden Berg presentere solist Beate Sporsheim som fløytist til verket «Solist adagietto for flute» av den godt kjende Ted Huggens. Det vart eit imponerande innslag der Sporsheim «leda» korpset gjennom stykket med sitt musikalske talent.


Solist Beate Sporsheim innleia konserten med hennar fantastiske innleving på fløyte

Til slutt i avdelinga inntok klarinettkvintetten til Herøy Jantisjar sentrum av scena for å presentere dette vakre instrumentet. Gruppa begynte med og framføre «Amazing graze», eit stykke dei fleste av publikumarane kjende frå før. Til slutt leita dei fram ein gøymd skatt i norsk kultur, ein sats frå Egil Hovlands «Livsens Brød» spesielt tilrettelagt for klarinett av Steinar Eielsen.

Eit stadig imponerande Herøykor

Etter at Herøy Janitsjar hadde avslutta si første avdeling kunne Tolvtetten ta over stafettpinnen og presentere Duke Ellingtons «All mighty God» etterfulgt av ei eldre, relegiøs hymne.


Tolvtetten var denne kvelden representert ved 19 songarar.

Dirigent i tolvtetten, Unni Kvamme, kunne med glede og inspirasjon fortelje at publikum no skulle få høyre noko heilt anna. Ei rytmisk framføring av ein ganske stor «Tolvtett». Den svenske a capella-gruppa «The Real Group» kom i for nokre år sidan ut med kjempehiten «Chilli con Carne». Tolvtetten viste med denne at dei verkeleg er eit kor som er verdt og legge merke til! Ei så rein og elegant framføring vil lenge bli hugsa blant Herøyværingane som tok turen til frikyrkja denne vinterkvelden.

Etter denne forrykande framføringa leia artistane stemninga over i ein litt rolegare dal. Den Afrikanske bruremarsjen «The Wedding» vart for nokre år sidan framført i brullupet til ein av koristane i Herøykoret, og songarane såg ut til å ha spesielle relasjonar til verket. Eit romantisk stykke framført på ein behageleg måte.

Avdelinga vart avslutta med ein kvartett, nokre relegiøse salmar og ikkje minst «Candlelight carrol» med kantor Terje Tjervåg på piano.

Brass og janitsjar – like vakkert

Herøy Janitsjar kunne så presentere sin eigen brasskvintett. «Tirna Noir» og ei svensk vise. Resten av korpset kom så opp på scena for å framføre «Korpos Kristi».

Å spele blåseinstrument er svært krevjande for både lunger og lipper. Etter ei god øving vil gjerne lippene hovne litt, og musikantar vil gjerne ha ei pause etter å ha spela ei stund for å kvile desse to muskulaturane. Enkelte verk er derimot svært longdryge, og krev øving over lang tid for å kunne framførast. Av dei verka vi kjenner til kan vi nemne verket «Fantasia on British Sea Songs» frå «Last night on the proms». Desse britiske melodiane er tonar mange kjenner til frå før, men ikkje i denne variasjonen. Herøy Janitsjar framførte delar av verket, og lovar heile verket framført ved ei seinare anledning.

Heilt til slutt i konserten slo korpset og koret seg saman og framførte «Conquest of paradise» frå den kjende Colombusfilmen laga på 90-talet. Korpset spelte solide og tunge tonar medan koret song i bakgrunnen.

Inviterer til 20-års jubileum.

I sommar er det 20 år sidan Leikong Jantisjar og Herøy Ungdomskorps fusjonerte til Herøy Janitsjar. Dette må sjølvsagt feirast på musikalsk vis. 2. Juni inviterer korpset inn til jubileumskonsert og vil mellom anna presentere verk frå Blues-brothers suksessen i haust, blåsesolistar, songsolistar og kanskje vil sjølvaste Tolvtetten stå på programmet?

Øyvind Granden Berg er dirigent og musikalsk leiar i Herøy Janitsjar. Han kunne etter konserten fortelje at han er stolt av både korpset og koret (der han sjølv er songar). Samarbeidet mellom desse to gruppene fungerer svært godt, noko lyttarane lett kan bekrefte. Granden Berg rosar frikyrkja sin vertskap og snakkar vel om nyebygget deira. Eit slik lokale passar perfekt for janitsjar korps, og han legg ikkje skjul på at dersom det vert aktuelt å spele inn plate vil det skje nett her. Lokalet passar også særs godt for kor, når utstyret er på plass. Slikt utstyr har frikyrkja!

Vi ser fram til å høyre meir frå desse talentfulle Herøyværingane.

På konsert for Vestlandsnytt,
Jørgen Kopperstad


Tolvtetten kunne mellom anna presantere ein kvartett beståande av f.v. Bjørn Holum, Unni Kvamme, Sølvi Nerem og Øyvind Granden Berg.


Kvartetten


Tenor- og Alt-rekkjene til Tolvtetten.