Konsert med Maria Solheim i Herøy Frikyrkje

Av: Administrator
10/01-2012

Førstkomande fredag kjem Maria Solheim til Herøy Frikyrkje. Maria vart oppdaga allereie som 15 åring og har i ein alder av 29 rukket å gje ut 4 kritikarroste album. Eit av høgdepunkta i hennar musikalske karriere var ein singel ho spelte inn saman med Hans Erik Dyvik Husby, som nå er best kjent som Idol-dommar. Singelen solgte til platina og var den mest solgte singelen i desember 2009. Maria Solheim song ”Mitt lille land” under rosemarkeringa på Rådhusplassen 25 juli 2011.


Maria Solheim

Solheim har eit variert musikalsk uttrykk, ho skriv songane sjølv og speler gitar. Hun er også kjent som fast gjesteskribent i spalta ”Damenes” i avisa Vårt Land og i påska i fjor kunne vi sjå henne i TV2 sin programserie ”Påskepreik” kor ho var ei av gjestane som vart med programleiar Egil Svartdahl til Israel. I programmet gjekk dei igjennom påskeberetninga og deltakarane delte sine refleksjonar.

Maria Solheim har turnert Europa og Asia, og har også gjort fleire samarbeidsprosjekt med andre artistar. Hun var også en av artistene som ble plukket ut til å være med på Kronprinsesse Mette Marits salmeplate i 2008.

Herøy Frikyrkje trur det verte ein stemningsfull og meiningsfull kveld i Frikyrkja når Maria Solheim innteke scena på fredag.