Søndagsskulen slik du aldri har sett den

Av: Administrator
06/12-2011

Fredag var det søndagsskulens dag i Herøy. Og dei hadde fått besøk av barneevangelist Jarle Waldemar som turnerar landert med sin Julekonsert. (Tekst/foto: Jan Magne Goksøyr)


Jarle Waldemar med alle barna.

Som du kunne lese i Vestlandsnytt forige tirsdag hadde eit kor av 90 ungar frå lokale barnekor og søndagsskular øving ei god veke før sjølve konserten . Fredag ettermiddag fekk dei øve med Jarle sjølv. At dei hadde øvd berre ein time saman med Jarle før konserten vitnar om god forbereding. Dirigent for Lisjefrik Thea Frøystad Kopperstad var ansvarleg for øvinga, og dirigerte også under konserten. Jarle hadde lagt opp eit utruleg vel regisert opplegg. Når folk kom inn stod nokre av barna i lysborg og ynskte publikum velkomne. Ni av barna sang solo og mange var med og illustrerte temaet med små stikk gjennom heile programmet. Snøballkrig mellom Jarle og barna, rett nok med vattsnøballar, skapte god latter i salen, og innleda til songar om snø. Jarle fortalde at no hadde han sunge om snø mange plassar, men først her var det snø ute.

Men det var altså konsert vi var på og Jarle har gitt ut ny juleplate iår. Hans eigne sangar gav flott stemning og barna fekk også være med på nokre av dei gamle kjente julesongane. Sceneshowet på musevisa var av dei meir avansert. Ikkje berre drog han fram ein støvel utan tå som herøys musebarn kunne danse rundt, men jammen hadde han fått Åse Nerem Bøe til å stille som musebestemor og gynge på ei stor potet også.

Oppmøtet på konserten var stort og arrangørane måtte opne dørene ut til kyrkjetorget når hovedsalen i frikyrkja var full. At det lokale næringslivet hadde sponsa konserten gjorde at alle fekk kome gratis inn slik det bør være på søndagsskulen, så kunne heller dei som ville gi ein slant i kollektkorga.

Konserten i Fosnavåg var nummer elleve av ialt femten konsertar som Jarle Waldemar held på like mange dagar. Då har reiseruta hans gått frå Arendal i sør til Vigra i nord, og hundrevis av barn har fått ei juleoppleving dei vil huske.


Jarle har publikum i si hule hand.

Vi spurde Jarle om han trudde søndagskulen måtte endre seg for å kunne samle barna i framtida. ”Vi som driver med barnearbeid kan ikke lene oss tilbake og tenke at dette kan vi, men det betyr ikke at vi må forandre på alt det som blir gjort idag. Om du endrer kurs på en båt med bare to grader så blir det en stor endring over tid.” seier Jarle og forsett ”Selv bruker jeg ofte trylling som et element i min formidling, dette fenger barna”.

Leiar for søndagsskulestyret Katrin Kvalsund Leine er godt fornøgd med konserten. ”Vi opplever at dette vart så kjekt som vi hadde håpa” seier ho og ber om å få sende ei takk til alle som har hjelpt til å gjere dette muleg.

Dei frammøtte fekk også høyre Jarle framføre Juleevangeliet slik det står i Lukas 2, med ei imponerande innleving. Som resten av konserten var også denne delen ledsaga med illustrasjonar på storskjerm. Både tekst og song fekk ein ekstra dimensjon og viser igjen at dette var eit vel regisert opplegg.
Av kommentarane etter konserten var det tydeleg at både barn og vaksen synest det hadde vore ei fin førjulsstund.