Glitrande julekonsert

Av: Administrator
30/11-2011

Laurdag samla Jentegruppa Seven og Emeline & Sunniva nesten fullt hus i Frikyrkja til julekonsert.


Konserten starta med eit samspel mellom gutar og jenter frå Herøy og dei ni tilreisande jentene. ”Julen er her” var første song og ein god start for å sette publikum i julestemning.
Seven jentene som også var i Fosnavåg ifjor sommar og hadde konsert på martim sommarfestival, har ein stor tilhengarskare på Søre Sunnmøre og leverte ein flott konsert med juesongar skreve av musikarar og tekstforfattarar i tilknytning til gruppa. Dei rakk også ein song frå den nye plata ”Det er gull” som kom no i haust. Jentene og dirigent Melinda Løver stilte alle i glitrande toppar og glitra saman med songen i senelyset i den nye frikyrkja.
Julaplata som dei gav ut til jul ifjord var eit samarbeid med søstrene Emeline & Sunniva, og desse to framførte nokre av sine eigne songar i tilleg til felles nummera. ”Mary did you know” har vore favorittjulesongen til mange dei siste åra, og Emeline & Sunniva overbesviste i framføringa av den norske versjonen ”Kunne du vel tro”. Ein viktig del av konseptet til Seven er å spre evangeliet om Jesus. Under denne konserten fortalde dei historia om den russiske skomakaren Papa Panov som fekk oppleve Jesu ord om at ”alt det du gjer mot ein av mine minste det har du gjort i mot meg”. Han fekk være ei hjelpande hand for folk som trengde det. Slik vart pumlikum minte på at det er folk som ikkje har det like godt som oss i juletida. Konserten vart avslutta med ein klassikar frå filmverda, ”When I wish upon a star”, og plutseleg tenkte vi på alt det fine vi ynsker oss til jul. Etter gjennomgangstonen i konserten er det nok ikkje alt av det fine som kan kjøpast i butikk.




Då konserten var over viste køa av barn og vaksne ved salgsbordet at dette var noko som mange ville ta med seg heim og høyre meir på. Nokre av dei frammøtte fekk også vert betre kjende med to-tre av jenten sidan alle ni tilbringa laurdagskvelden og natt i private heimar.
Rykta ville ha det til at det vart taco både i den ein og den andre heimen denne kvelden.


Nora og Synne frå Seven, ovenatta hos Kristina og Edel Maria frå Baluba

Etter at det første lyset i adventsstaken var tent i heimane søndag morgen, var Seven og Emeline & Sunniva med på familiegudstenete i Frikyrkja. Også søndag fekk dei glede eit stort publikum med songen sin.