Julekonsert med Seven jentene & Emeline og Sunniva i Frikyrkja

Av: Administrator
09/11-2011

Endeleg er dei tilbake. Seven-jentene besøkte Herøy på Barnegospeltreff i 2009 og 2010 i samband med Maritim Sommarfestival og var til stor glede og inspirasjon. No er dei tilbake! Denne gongen saman med søstrene Emeline og Sunniva. Saman gav dei i 2010 ut juleplata ”Julen er her” og er no ute på sin juleturne.


Seven-jentene består av 7 jenter som reiser over alt i landet. For å klare den enorme konsertvirksomheita har dei reist dette året med både Seven Aspirantar og Seven Teens.

Gruppa har fått svært gode kritikkar for sine plater og er ei enorm inspirasjonskjelde for barn og unge over heile landet. Songane deira er svært godt nytta i barnekor, songgrupper og solistar.

Emeline og Sunniva er to søstrer på 14 og 12 år som har gitt ut fire plater, som alle har solgt svært godt. Dei er aktive i kor, lovsongsteam og dansegruppe i misjonskyrkja i Arendal og reiser elles landet rundt med musikken sin.

Denne julekonserten må du få med deg, seier barne- og ungdomspastor Geir M. Lande, som kan love ei herleg stund i Frikyrkja. Dei eldste songarane i barnekora Noah, Baluba og Sprell Levande har fått tilbod om å vere med å danne eit eige julekor som skal delta saman med Seven-jentene & Emeline og Sunniva.

Saman med jentene kjem også Melinda Løver som er leiar for Seven-jentene og Tony Gulbrandsen som er pappa til Emeline og Sunniva og som til dagleg jobbar som musikkpastor i misjonskyrkja i Arendal.

Det er førehandssal av billettar på A. Sævik, så løp og kjøp oppfordrar Geir M. Lande.