Sprudlande i Frikyrkja

Av: Administrator
25/10-2011

Ei nær fullsett Herøy Frikyrkje fekk søndag kveld oppleve eit sprudlande Tolvtetten og ein strålande Torstein Sødal. (Tekst/foto: Stein Lilleøy, Vestlandsnytt)


Den store røysta frå Sørlandet, Torstein Sødal, stråla i samsang med Tolvtetten og til perfekt tonefølgje frå musikarane Tarjei Nysted og Stein Austrud.

Kvalitetskoret Tolvtetten kunne sikkert ha fyllt opp frikyrkja åleine. Når dei «toppa laget» med Torstein Sødal og dei dyktige musikarane Tarjei Nysted og Stein Austrud, var det duka for ei musikalsk høgtidstund av dei sjeldne på våre kantar.

Svingande oppvarming

Ein svært så sprudlande Tolvtetten, under leiing av Unni Kvamme, innleia konserten med ei avdeling der dei ausa generøst av repertoaret sitt. 

Etter ei sjelfull framføring av «I’m available to you», med Bjørn Holum som pianist og solist, fekk publikum høyre «La den brenne», ein ljomande «Soon Ah Will Be Done», «Quiet place» og avslutningsvis «Get you up», signert Knut Nystedt. Då var stemninga løfta i taket, slik at Torstein Sødal og musikarane hans kom til meir eller mindre dekka bord.

Sterkt og variert

Og trioen skuffa ikkje. Etter å ha sunge seg sjølv inn på scena med «No ser eg atter slike fjell og dalar», gjekk Torstein Sødal rett over i den sterke og vakre «Anthem» frå musikalen «Chess». I si tolking av «What a Wonderful World» med ei påfølgjande hylling av heimbyen Kristiansand, tok Sødal med seg strengeklimprande fiolinist Tarjei Nysted på ein tonefylt spasertur ute blant publikum. Enkelt og stemningsfullt.


Torstein Sødal og fiolinist Tarjei Nysted på ein tonefyllt spasertur ute blant publikum.

Muntert på mageskinnet

Torstein Sødal og musikarane hoppa elegant mellom sjangerane, og leverte ein komplett konsert med noko for alle. Litt sirkus vart det også plass til, då trioen fekk med seg pastor Erhard Hermansen på eit nummer der magane fungerte som trommande bakteppe til songen «O Sole Mio». Hermansen var ikkje snauare på det enn at han «stal» slutt-tonen sjølv, til latter og rungande applaus frå salen.


Ein sporty pastor Erhard Hermansen (t.h) let seg overtale av Torstein Sødal til å spele tromme på
mageskinnet.

Frå fotball og film

Klassikeren «You’ll Never Walk Alone» betyr ulike ting for mange. Ikkje reint få knyter songen til fotballklubben Liverpool. Men eigentleg skreiv Rodgers & Hammerstein songen til musikalen «Carousel» som hadde premiere så tidleg som i 1945.

«Gabriellas sång» er kjend frå kor-filmen «Så som i himmelen». Søndag fekk Torstein Sødal vist at songen med hell kan framførast av ein mann.

Kontrastar

Rolf Løvland sin «You raise me up» er kanskje den norske songen det har vore spelt inn og framført flest coverversjonar av. Med både Torstein Sødal og Tolvtetten i sving på scena, fekk publikum servert ei ny sterk tolking av den moderne klassikeren søndag. Så kom ein svingande versjon av pop/gospel-hiten «I Wanna Be the Only One», opphavleg gjort kjend med gruppa Eternal i 1997. Og dette vart også songen som stod mest i kontrast til resten av programmet i frikyrkja søndag kveld.

Musikalsk tog

Det finst ulike måtar å tøme ein sal på. Torstein Sødal og musikarane hans gjorde det ved å invitere med seg Tolvtetten og publikum på eit musikalsk tog ut til kyrkjetorget, der ein konsertkveld av ypperste kvalitet vart avrunda med gjensidig applaus.