KONSERT MED GARNESS I HERØY FRIKYRKJE LAURDAG 24. SEPTEMBER

Av: Administrator
28/08-2011

Artistduoen GARNESS består av tvillingsøstrene Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad frå Frekhaug utanfor Bergen. Søstrene, som nokon kanskje husker frå barneplata 2 på 9 slipper lovsangen fri, har ”alltid” drive med musikk, men dei siste åtte åra på heiltid.


Sidan 2008 har Garness gitt ut to plater; The Good or Better Side of Things (2008) og juleplata Barnet i krybben (2009). Særleg sistnemnde gav duoen mykje merksemd i media, og vart mellom anna omtala av Dagbladet som årets beste norske juleplate. Mange har også sett søstrene i TV-programmer som Absolutt Norsk, Beat for beat og Kjempesjansen, som ein del av Sigvart Dagslands bryllups- og begravelsesorkester eller på ein av Oslo Gospel Choirs konserter.

Garness musikalske særpreg er basert på det unike vokale samspelet som på mange måtar reflekterer jentene sitt tvillingforhold. Men også Ingelins drivande gitarspel og Hildegunns evne til å krydre det heile med instrument som autoharpe, klokkespel og annan perkusjon, er ein viktig del av lydbiletet. Gjennom tekstane søker duoen på nye måtar å beskrive følelsar, tankar og utfordringar som mange nok kan kjenne seg igjen i. Deira kristne tru ligg som klangbotn gjennom det heile. Når Garness i september kjem til Herøy for å halde konsert, stiller dei med fullt band og fyller Frikyrkja sitt nye kyrkjebygg i Fosnavåg med vellyd. Det er duka for både leiken og utadvent musikk som får beina til å trampe med, men også inderlege, skjøre melodiar som bankar på romet for ettertanke i oss. Framført av to tvillingsøstre som så gjerne ønskjer å formidle det dei har på hjertet på ein kreativ, sjelfull og ekte måte.