Konsert med Synnøve Aanensen på Fosnavåg bedehus

Av: Administrator
12/11-2010

Synnøve Aanensen er fødd og oppvokst på Karmøy utenfor Haugesund.
 
Saman med band og som soloartist har ho drive med musikk heile livet. I 2002 gav ho ut albumet "Mitt rette hjem" og etter dette har det gått slag i slag med studioarbeid, utgjevingar og konsertar både i Noreg og utlandet. Skjærgårdssang, Countryfestivalene på Breim og Skjåk , Laksefestivalen i Lyngdal, Tomatfestival på Finnøy, Gospel Music Convention i Scotland, Minns du songen, Sarons Dal og utallige festivalar, bedehus og forsamlingslokale i Noregs land. For to år sidan hadde ho konsert i Tjørvåg og responsen etter konserten var eintydig; ”Ho må absolutt kome tilbake”.


Som artist trivest ho best i ei blanding av roots, folk, country og rock, kanskje  med litt blues på toppen, det viktigaste er ikkje å ha ein bås å stå i, men det å ha eit personlig uttrykk seier Synnøve Aanensen.
 
Ho seier vidare ”For meg har musikken blitt ein livsstil, musikken har blitt ein naturleg del av livet, eller kanskje er det slik at livet har blitt ein naturleg del av musikken. Musikk er meir enn konkurransar og leiting etter gull. Det handlar om å gje uttrykk for noko, det å formidle noko og det å vere personleg. Nokre meiner at artistar ikkje bør ha noko bodskap eller vere for personlege, dei bør berre formidle det som  er "mainstream" og kommersielt. Eg ønskjer at musikken min skal ha eit bodskap og eg ønskjer at den skal vere personleg!”



 
Laurdag 20. november vert det konsert med Synnøve Aanensen på Fosnavåg bedehus. Med seg har ho Stig Ulvestad på gitar og Levi Reite på bass, to ikkje ukjente musikarar frå Volda. Pastor Geir M. Lande i Herøy Frikyrkje og Harry Andersen, primus motor bak songkveldar på Tjørvåg bedehus, ønskjer alle velkomen til ei musikalsk perle.
 
 
Fosnavåg bedehus
Laurdag 20. november kl. 19.00