Musikkperler av internasjonal klasse
Sunnmøre Kammermusikkfestival ein realitet

Av: Administrator
15/05-2010

Fem offentlege konsertar av toppklasse vart produserte på Søre Sunnmøre i løpet av den tre dagar lange festivalen, og Fosnavåg hadde gleda av å få ein av desse til Herøy Frikyrkje. (Tekst: Robert Skeide - Foto: Fred Frantzen, Vestlandsnytt)


Dette lokalet var ideelt pga storleiken, akustikken og ikkje minst eit framifrå flygel! Og når hovudsalen i kyrkja nær var fullsett, må ein seia at dette var suksess.

Det er Høgskulen i Volda som har teke initiativet til dette store prosjektet som vonaleg vil bli ein årleg happening.

Kammermusikk er sjeldan vare på våre kantar, og ikkje slikt ein går «mann av huse» for å høyre, i alle fall ikkje enno, men det spørs etter nokre år med «opplæring» for dette tek tid å fordøye, og meirsmaken blir berre sterkare jo meir ein tek inn av denne musikkarten, så det kan hende det blir rift om billettane framover!

Her blir ein ikkje slegen i hovudet av bankande og suggererande rytmer og ljosblink. Ingen mikrofonar og høgtalarar.

Her er det dei akustiske instrumenta som som får liv gjennom meisterlege kunstnarar!

Dette er STOR MUSIKK i lite format, og bokstaveleg tala i små og intime rom. Her kjem ein nært inn på musikarane, og stunda blir nærast MAGISK med ein så intens konsentrasjon at ein reint gløymer å puste.

Det å observere desse musikarane, med den fenomenale kontrollen og presisjonen, frå dei sterkaste og mest virtuose passasjer og til dei svakaste, vare tonane. Her er ein dynamikk og eit samspel som gjer ein ordfattig, om ikkje mållaus!

At dette også er eit samarbeid med kulturskulane i regionen, fekk vi prov på gjennom vår eigen 17-åring Sebastian Kvalsvik Frøystad som fekk den store æra av å opne konserten på flygelet, med den feiande og festlege marsjen; «Rondo alla Turca» av Mozart som vart elegant gjennomført til stor applaus frå publikum. Sebastian måtte føle det som å «hoppe FØR Wirkola» i det den neste programposten var pianisten Tor Espen Aspaas, professor i klaver ved Norges musikkhøgskule. Han heldt fram med ein Arabeske av Schumann. Dette stykket har ufattelege fine og vare «dekorasjonar» med stor variasjon av dynamikk, klangar og tempo. Ekstra interessant var det også at Wolfgang Plagge kommenterte, eller «uttroduserte» dette stykket, og trakk paralellar til det som Sebastian framførte, der han tok oss med tilbake i historia til Orienten på 14-1500 talet, der Arabarar og Tyrkarar som brukte musikk som verkemiddel i krigane sine for å skræme fienden.



At vi også fekk oppleve ei URFRAMFØRING på denne konserten må nemnast. Komponisten Wolfgang Plagge var beskjeden nok til å kalle det «Enno uhøyrd musikk» til ei tekst av Edith Södergren som var skrive tett etter at ho hadde fått sin dødsdom «tuberkulose» som ho døydde av einogtredve år gammal. Sterke dikt som på ein meisterleg måte fekk melodi, rytme og klangar, og den snikande sjukdomen nærast følte vi i pianoklangen av komponisten sjølv, medan livskrafta likevel var framtredande i alle dynamiske fraser i den nydelege framføringa til sopranen Berit Nordbakken Solset. Ei sterk oppleving! NB. Teksta kunne med fordel ha stått i det nydelege programheftet.


Så var det duka for romantisk musikk; Trio i e-moll av Dvorak. Fiolin, cello og piano i eit nydeleg samspel! Konsentrasjonen, dynamikken og presisjonen i samspelet...reint som ein misser pusten! Dette må berre opplevast, det er augneblink-kunst som oppstår der og då. Dvorak brukte på same måte som Grieg mange element frå folkemusikken, og det gjev eit slags ankerfeste for sjela. Dette var berre nydeleg!


Vår lokale tonekunstnar frå Volda, Magnar Åm, hadde signert det neste verket som hadde tittel og inspirasjon frå balletten si verd; «Pas Des Deux» skrive for to strykarar fiolin og cello meisterleg framført av Anders Nilsson og Johannes Martens. Svært viktig og interessant var det at komponisten som også var til stades, fortalde litt om bakgrunnen til verket, som var eit bestillingsverk. Åm sin musikk set store krav også til publikum, for dette er krevjande musikk, men på same tid både humoristisk og teatralsk, med element som forflyttar seg frå «dansar til dansar» i dette høve fiolin til cello. Vi som har følgt med Magnar si utvikling som komponist, er klar over at han er ein av våre store og seriøse, samtidskomponistar, som i mange år hatt statens garantiinntekt for kunstnarar. Alt som tenåring skreiv han musikk, m.a. eit syngespel medan han gjekk på gymnaset i Bergen, og vi meiner også at han leverte eit melodiforslag til Melodi Grand Prix ein gong på tidleg 70-talet... Som 19-åring tok han organisteksamen ved Bergen musikkonservatorium. Han er svært eksperimentell, og kan finne på dei utrulegste ting, m.a. undersjøisk musikk! Har er internasjonalt anerkjend, og har motteke prisar i inn og utland, men er jordnær nok til å jobbe på lokalplanet i Volda m.a. med barne og ungdomskor!




Som avslutning fekk det lydhøyrde publikum høyre Mozarts klarinettkvintett, som er rekna som eit av klarinettlitteraturens hovudverk. Klarinettisten Bjørn Nymann hadde teke med ein ekte «Mozartklarinett» eller altklarinett som er litt større enn den tradisjonelle moderne klarinetten, med ein fyldigare og rundare klang, som også ga eit klangbilete meir i tråd med den klassiske tidsepoka.


Summa summarum EI STOR OPPLEVING for publikum, og alle ventar spent på neste års konsertar!