SONGAR FRÅ VEST
- Ørsta Frikyrkjekor med konsert med keltiske songar og salmar

Av: Administrator
08/03-2010

Så er Frikyrkjekoret klare for ei ny oppsetting og byr inn til konsertar både i Ørsta og Volda neste helg. Med siste prosjekt, om Trygve Bjerkrheim sine songar friskt i minne, er det denne gongen heilt nye tonar og takter. Dei siste åra har songar med keltisk opphav vorte populære i Norge, ikkje minst gjennom plata som Kristina Jølstad Moi har gitt ut.


Kristina er litt ørsting, i og med at ho er dotter til tidlegare forstandarpar i Ørsta Frikyrkje, Solveig og Sverre Jølstad. Kristina har markert seg sterkt som songartist med eit vidt repertoar. Ho syng både klassiske songar og folketonar og jazz. Ho er med i ei jazzgruppe som kallar seg "To gitarer og en stemme". Saman med skodespelar Sverre Tindberg har ho laga ein allehelgenskonsert, "Sorgen og gleden" som er framført i fleire kyrkjer, ikkje minst på Sørlandet. Hennar interesse for keltisk musikk har ført til at ho har gitt ut to CD-plater med «Songar frå vest», som dei vert kalla.

Dei keltiske songane og salmane har eit folketonepreg, og det er øyane i vest, ikkje minst Irland, som er opphavsstaden til desse tonane. Tekstane er ofte henta direkte frå Bibelen.

Ørsta frikyrkjekor har dei siste åra hatt fleire konsertar med ymse hovudtema, og folk har slutta opp om desse konsertane. Vi trur at denne konserten med keltiske songar, med solist Kristina Jølstad Moi og koret også vil slå an. I tillegg til koret stiller eit lite orkester opp: Elisabeth Røyset og Øyvind Eiksund på fiolin, Tone Vatne på cello, Nils Ose på bass og fast pianist i koret, Elisabeth Stave. I tillegg har Kristina med seg eigen pianist: Kjetil Høyer Jonassen. Kjetil er seksjonsleder i musikk ved Ansgar teologiske Høgskule i Kristiansand, han har gått på høgskulen i Volda for ein del år sidan og var eitt år fast pianist på G2- gudstenestene i Frikyrkja i Ørsta.

Det vert konsert i Ørsta Frikyrkje laurdag 13.3 kl.19.30 og i Volda Kyrkje søndag 14.3 kl.19.30 (Pris kr. 100)