Frikyrkjepastor med konsert i Herøy Kyrkje!

Av: Administrator
02/03-2010

Fredag 5. mars skal Ola Ohm, pastor i Klepp Frikyrkje, og Magnhild Mo ha ein konsert i Herøy kyrkje. Dette er ein av konsertane i ein miniturné på Sunnmøre i samband med utgjevinga av plata "Håp".


Den første plata hans, "Lengt", har fått god mottaking, og plata "Håp" blei til på grunn av etterspurnad frå ein del av dei som har kjøpt den første plata. Ola er frå Vindafjord i Rogaland og har studert kyrkjemusikk ved Høgskulen i Stavanger og Guildhall School of Music and Drama i London, samt teologi ved Misjonshøgskulen. Han jobbar no som prest på Austre Åmøy i Stavanger og som pastor i Klepp frikyrkje. Magnhild Mo på cello er no kantor og ungdomsleiar i Tananger kyrkjelyd, og jobbar elles ein del som frilansmusikar.

På konserten blir det presentert ein del av det som er på plata, og spennet går frå klassiske stykke som Vocalise til med kjende salmar og songar som Hjemme i himlen, Deep river, Gje meg handa di, ven og No more night. I ein situasjon der krisen meir enn håpet har prega samfunnet vårt, ynskjer vi å lage eit rom for meditasjon, stillhet og ettertanke - og framfor alt for HÅP.